22 oktober 2004

Hauk Erlendsson og Landnámabók

Landnámabók er eit fascinerande verk. Det var det første historiske verket frå mellomalderen som vart trykt på Island - på Skálholt i 1688, og boka har spelt - og speler - ei ikkje ubetydeleg rolle for islandsk identitet og sjølvmedvit. Landnámabók, eller berre Landnáma, ligg føre i fleire ulike redaksjonar. Tidlegare har den såkalla Sturlubók-redaksjonen vorte omsett til moderne norsk (bokmålsutgåve 1997). Denne utgåva av Landnámabók er derimot grunna på den redaksjonen som vart nedskriven av Hauk Erlendsson - ein islandskfødd stormann. ”Denne Landnåmaboka er lengre enn noka anna,” skriv Hauk sjølv ein stad. Då han døydde i 1334, hadde han ein lang karriere bak seg i det norske statsbyråkratiet som Gulatingslagmann med fast bustad i Bergen. Den historiserande Hauksbók-redaksjonen av Landnáma inneheld da og skildringar som viser at forfattaren har hatt god kjennskap til norsk geografi og norske forhold.

Lagmannen Hauk Erlendsson
Fødeåret til Hauk Erlendsson kjenner vi ikkje, men ein har gissa på åra kring 1265. Han var son av Jorunn og Erlend Olavsson ”sterke” (d. 1312), som var lagmann på Nordvest-Island. Jórunn og Erlend var islendingar av høg ætt. Mot slutten av Landnáma står Hauk sjølv fram som forfattar, og på skilde stader i teksten vert ætteliner følgde ned til Hauk Erlendsson, til mora Jórunn eller til faren Erlend. På morssida ætta Erlend frå mektige islandske familiar, men slekta til faren vert ikkje nemnd. Forskarar har difor meint at Erlend kan ha vore av norsk ætt, for han stod på ein god fot med dei norske styresmaktene og hadde fleire viktige posisjonar på Island seint på 1200-talet og tidleg på 1300-talet. Hauk opplyser heller ikkje nokon stad kven faren til mora var, men følgjer ætta si tilbake til landnåmsmennene gjennom mormor si (Benediktsson 1974).

Hauk sjølv er først omtala i 1294. Då hadde han alt vorte lagmann på Island ”sunnan ok austan”. Kort tid etter må han ha sett kurs mot Noreg. Her vart han omtala som lagmann så tidleg som i 1302. I Noreg skulle han verte ein av dei mektigaste mennene i landet under styret til Håkon 5.

Fram til 1322 var han Gulatingslagmann og budde i Bergen. Han eigde Audunagarden ved Stranden, som han i 1318 selde til kongen. Han vart utnemnd til riddar i 1306, og fekk med det rett til å kalle seg ”herra”. I 1309 vart han medlem av riksrådet, og seinare er han nemnd som riksråd i 1316 og 1319 (Steen 1931).

Hauk var fleire gonger i Oslo - såleis i 1318 og 1319 - og det har vorte hevda at han ei tid var lagmann der. I juni 1319 finn vi han mellom underskrivarane av ein førebels overeinskomst om valet av Magnus Eriksson til norsk konge. Året etter deltok han på riksmøtet i Bergen - som representant for Island. I 1313 veit vi at Hauk oppheldt seg i Nidaros.

Men kontakten med Island heldt han vedlike. Sommaren 1304 var han tilbake på øya, truleg som representant for kongen for å forlike ein strid. I åra 1306-1308 var han der i liknande ærend, og truleg var det då han skreiv Landnáma (Benediktsson 1974). I 1308 stifta han eit hospital for geistlege på Gaulverjabør saman med biskop Arne Helgason. Hauk Erlendsson er ikkje nemnd i kjeldene mellom 1323 og 1328, og det er truleg at han då han vore på Island. I 1329 var han tilbake i Bergen, men han ikkje lenger som lagmann. I 1330-1331 må han igjen ha vore ei tid på Island, men elles var han i Noreg til han døydde i 1334 (Steen 1931).

Hauk var gift med Steinunn (d. 1361), ei dotter av Óli Svarthöfðason, som høyrde til ei fornem ætt. Dei hadde sonen Erlend og dottera Jórunn. Ho vart abbedisse i Kirkjubær under namnet Agnes.

Det er ortografiske årsaker til at ein trur at Hauk skreiv si Landnámabók medan han oppheldt seg på Island i 1306-1308. Skrivarhanda hans finn vi også i to brev frå 1302 og 1310 - og dessutan i nokre fragment av ein norsk lovtekst som framleis finst.

Vi skal straks sjå nærare på boka hans, men først må vi greie ut kva Landnámabók eigentleg er, og kva for versjonar som er bevart.

Landnámabók
Landnámabók handlar om korleis Island vart busett frå om lag 870 og frametter. Skildringa av landnåmet følgjer klokkevisaren kysten rundt, rundt om det sentrale, ugjestmilde høglandet. Også islendingesagaene er ordna etter geografien, og med vekslande tettleik dekker dei heile den busette kyststripa (Fidjestøl 1990:36). Boka er strukturert etter fjordungsinndelinga frå fristatstida (tida fram til Island vart lagt under den norske krona i 1264). Fleire enn 430 ”settlarar” vert nemnde, likeins grensene for dei områda som dei la under seg. Ættelinene i Landnáma minner om føresegnene i odelslovgivinga i norsk mellomalder (Rafnsson 2001: 613).

Landnáma finst no i fem redaksjonar. Tre av dei (Sturlubók, Hauksbók og Melabók) er frå mellomalderen, mens dei to (Skarðsárbók og Þórðarbók) er avskrifter frå 1600-åra. Landnáma er altså ikkje noka samtidsskildring. Forholdet mellom dei ulike tekstane har påkalla stor interesse frå forskarhald, og det finst ein mengd litteratur om emnet (frå nyare tid t. d. Benediktsson 1961, 1965, 1974; Rafnsson 1974, 2001).

Den eldste bevarte versjonen er Sturlubók, sett saman av Sturla Tordarsson (1214-1284). Ho finst berre i ei avskrift frå det 17. hundreåret (AM 107 fol.). Ein reknar med at Sturla tok utgangspunkt i ein eldre versjon av Landnámabók, men at han la til mykje stoff (Benediktsson 1974). Ein stor del av stoffet i Landnáma er genealogiar eller ætteliner. Ein har difor villa sjå ein samanhang med Íslendingabók, forfatta av Are Frode. I Íslendingabók vert fire av dei viktigaste landnåmsmennene omtala og ættene deira førte ned til samtida. I den eldre, tapte, Íslendingabók fanst ei áttartala, truleg med omtale av landnåmsmannsætter (Benediktsson 1965:216).

Det ser ut til at interessa for Landnáma auka sterkt hos islandske stormenn på slutten av det 13. hundreåret - etter at fristatstida var over. Vi tenkjer då på mektige islendingar som Sturla Tordarsson, Snorre Markusson og Hauk Erlendsson (Rafnsson 2001:611). Desse stormennene lét Landnáma skriva av, og i avskriftene følgde dei sine eigne ætter attende til landnåmsmennene. Det er frå denne tida at vi har dei tidlegaste fullstendige redaksjonane.

Med den humanistiske historieskrivinga på 1500-talet følgde ny interesse for Landnáma blant islandske lærde. Arngrímur Jónsson (1568-1648) omsette verket til latin, mens Bjørn Jonsson på Skarðsá (1574-1655) og prestene Jon Erlendsson (d. 1672) og Tord Jonsson (1609-1670) utarbeidde nye avskrifter av manusa frå mellomalderen. Såleis skreiv Jon Erlendsson av Hauksbók.

Hauksbók
Hauksbók-redaksjonen er altså den versjonen av Landnáma som Hauk Erlendsson redigerte og skreiv med eigen hand i den kodeksen som kallast Hauksbók (AM 371 4to). Berre litt over tredelen av Landnáma i Hauksbók er framleis i behald. Resten av teksten kjenner vi frå ei avskrift fr å 1600-åra (AM 105 fol.).

Hauksbók inneheld mykje stoff ved sidan av Landnáma. Første del inneheld og Kristni saga, andre del (AM 544) blant anna Fóstbræðra saga, Eíriks saga rauða, Heiðreks saga, Trójumanna saga og Breta sogur. Den tredje delen (AM 675, 4º) er en norrøn avskrift av Elucidarius. Hauk Erlendsson har hatt fleire skrivarar i arbeid. Ut frå visse språkmerke i teksten har ein meint at ein av skrivarane var ein færøying busett i Noreg (Benediktsson 1961).

Etter at Hauk var død i 1334 vart manuskriptet flytt til Island. Truleg var det kona Jórunn som tok det med seg. Ho døydde på Island i 1361. Deretter har vi ingen opplysningar om Hauksbók før rundt år 1600. Då vart Bjarni Einarsson på Hamar i Langdalsströnd i Vestfjordane eigar av manuskriptet. Frå Langdalsströnd vart boka lånt bort til Skagafjörður, seinast i 1635-1636, der Björn Jónsson på Skarðsá nytta ho då han utarbeidde Skarðsárbók. Björn kopierte mykje frå Hauksbók - ikkje berre Landnáma. Truleg vart manuskriptet sidan sendt attende til Vestfjordane, der det dessverre vart utsett for temmeleg stygg handsaming.

Hauksbók vart nemleg plukka frå einannan, og det meste av ho forsvann. Ein del blad overlevde som varebind for mindre bøker. Ólafur Jónsson (1672-1707) sende 14 blad av manuskriptet til Árni Magnússon. Desse blada hadde vore i eiga til presten Jón Torfason (ca. 1640-1719) på Staður i Súgandafjörður, og det kan sjå ut til at det var han som hadde øydelagt det som var igjen av manuskriptet (Benediktsson 1974). Jón Torfason fortalde til Árni Magnússon at han hadde fått blada av ein fattig bonde i nærleiken av Súgandafjörður, og at han ikkje hadde sett meir enn dei 14 blada som vart sende til Árni. Seinare fekk likevel Árni Magnússon tak i 4 blad til.

Grunna sundrivinga av manuskriptet på 1600-talet har vi berre ordet til Árni Magnússon for at den siste tredjeparten av Háuksbok (675, 4º) høyrer saman med dei to andre. Den er skriven med ein hand som elles ikkje finst i manuskriptet (Benediktsson 1961:250). Når det gjeld Landnáma, skriv Hauk sjølv i slutten av framstillinga si (kap. 354):

”Og denne boka skreiv eg, Hauk Erlendsson, etter den boka som herr Sturla, lovseiemann og den lærdaste av menn, hadde skrive og etter den bok som Styrme den frode hadde skrive.”

”Boka som herr Sturla hadde skrive”, er Sturlubók. Det andre førelegget til Hauk, boka til Styrmir Kárason (d. 1245) er derimot gått tapt (Rafnsson 2001:615). ”Eg tok or kvar av dei det som greidde ut om ting lengst fram i tid. Men for ein stor del sa dei båe det same, og difor er det ikkje underleg at denne Landnåmaboka er lengre enn noka anna,” forklarar Hauk vidare.

Som nemnt, er tilhøvet mellom dei ulike tekstene særs komplekst. Einskilde granskarar har såleis hevda at ein i Melabók, som Snorre Markusson (d. 1313) lét skrive, får eit godt bilete av korleis den tapte boka til Styrme har sett ut. Andre meiner at Melabók slett ikkje er basert på teksten til Styrme (sjå relevant litteratur gjengitt i Rafnsson 2001).

Hauksbók- og Sturlubók-redaksjonane er båe historiserande utgåver av Landnáma (Rafnsson 2001:616f.). Det inneber at det, som i Hauksbók-versjonen, er gjort omfattande endringar i sjølve strukturen i Landnáma, til dømes ved at forteljingar om reiser til Island før Ingolf Arnarson, er plasserte inn før sjølve Landnáma-teksten byrjar og Kristni saga er lagt til på slutten. Kjelder her har truleg vore Íslendingabók og ein tidleg Ólafs saga Tryggvasonar. Så vel Hauksbók- som Sturlubók-redaksjonen er vidare prega av eit strev for å gi teksten eit kronologisk rammeverk. Likeins vert ein del av landnåmsmennene gjort til kristne alt i utgangspunktet: det finst kristne landnåmsmenn i alle fjordungane, og alle etterkomarar av Ketill flatnefr, og ektefellane deira, vert skildra som kristne. Det gjeld til dømes Helgi bjóla i sør, Auðr djúpauðga i vest, Helgi magri i nord og Ketill fiflski i aust. Einskilde sagaer viser at desse på eit tidlegare stadium i sagaskrivinga vart regna for å vere heidningar (Rafnsson 2001:615). Enkelte landnåm har og vorte utvida - av og til slik at fjordungsgrensene vert overskridne. Det gjeld såleis landnåmet til Skallagrímr (ibid.).

Historiserande er Landnáma etter Hauksbók likeins av di einskilde fråsegner i ho er endra i tråd med opplysningar henta frå yngre sagaer. Hauk Erlendsson har nytta sagalitteraturen for å utdjupe eller erstatte det som stod i Styrmisbók (Benediktsson 1965:216). Motsett er særleg det genealogiske stoffet i Landnámabók nytta i mange sagaer.

Hauksbók-redaksjonen syner og, som eg har vore inne på, at anten Hauk sjølv eller eit av førelegga hans - det måtte i så fall ha vore Styrmisbók, men det er heller lite truleg - har hatt ei særskilt interesse for og kjennskap til sør- og vestnorsk geografi. Ta no til dømes skildringa av landskapet Kvine (kap. 184 og 195). Namnet vert gjerne sett i samband med noverande Kvinesdal i Vest-Agder, men det har truleg omfatta eit noko større område - i praksis fjorddistriktet mellom Lista i aust og Hidra i vest (Stylegar 2000). I kapittel 195 får vi vite at garden til Ondott Kråke låg nær sjøen, at det var kort mellom den og garden til Ingjald Trygge og at Grim herse budde kort frå Ingjald. Vi får høyre at Grim kom etter Ondottsønene med to skip austafor Lindesnes, og at Åsgrim og Åsmund seinare tar båten til Ingjald og rodde av stad til øyane som ligg i Kvinesfjorden. Det kan vel berre vere tale om to øyar - Hidra og Andabeløy. Når Ondottsønene i same kapitlet flyktar til Surnadal, skyt skrivaren inn at det ligg nord om Stemme. Likeins, i kapittel 314, kor det er tale om Ulv Gylder i Telemark, er det lagt til at garden hans, Fivlavollen, ligg i Tinnsdal. I same kapittel vert det presisert at Grenmar ligg austafor Lindesnes.

Det finst mange fleire døme. Det er freistande å sjå Gulatingslagmannen Hauk Erlendssons eiga hand bak desse innskota. Har han kan hende sjølv vitja desse stadene det første han kom til Noreg?

Hauksbók om landnåmet
Ein meiner at landnåmet på Island var over i løpet av kring 60 år, rekna frå 870-åra. Landnáma knyter den tidlege busetnaden til stormenn som tok på flukt frå rikssamlaren Harald Hårfagre - eller frå Håkon jarl Grjotgardsson, som i Landnáma ser ut til å hatt den same rolla i dei nordlege norske landslutene som Harald Hårfagre har hatt i dei sørvestlege.

Av dei fleire enn 400 settlarane som vert namngitte i Landnáma, er det berre kring 130 som direkte seiest å ha vore komne frå Noreg. Eit femtital kom frå dei britiske øyane. Opphavet til dei fleste landnåmsmennene vert derimot ikkje spesifisert. To nyare studiar peikar på keltisk og samisk påverknad på det tidlege islandske samfunnet (Pálsson 1996, 1997). Det er mogeleg at nokre av håløygene som kom til Island kan ha vore samar. Landnáma knyter fleire av dei til handlingar som i seinare norsk tradisjon gjerne vert sette i samband med samar. Det gjeld til dømes Turid Sundfyllar (kap. 116), som i eit uår i Hålogaland hadde gjort seid slik at kvart eit sund vart fullt av sild. Det var og ho som sette opp mèdlinene for Kviarmèdet i Isafjardardjup og til vederlag tok ei kollut søye eller ku av kvar bonde i Isafjord. Kan hende var også Tore Tussesprengjar frå Andøya same, liksom den trollkunnige og vonde Geirhild. Ho skal ha skapt seg om til ein nauteskinnsbelg full av vatn då Steinrød den ramme kom uventa over henne (kap. 191).

Elles veit vi at det var eit fåtal danskar og svenskar blant dei namngitte landnåmsmennene. Det kan og tenkjast at det har vore med folk frå dei sørlege Østersjøkystane (Urbanczyk 2002). Men fleirtalet av settlarane vert nemnde heilt enkelt og kortfatta, som i kap. 160, der det kort heiter at ”ein mann som heitte Torvid, tok seg land opp frå Mælifellså og til Giljå”.

Det er såleis grunn til å tru på Przemyslaw Urbanczyk når han hevdar at landnåmet på Island var ein kompleks prosess, der ulike etniske og kulturelle element var aktive i forminga av eit samfunn som deretter i stigande grad vart utsett for uniformering (Urbanczyk 2002:155).

Årsakene til at folk sette kursen mot Island var ulike - om vi skal tru Landnámabók. Medan det om mange av landnåmsmennene seiast at dei rømde landet for Harald Hårfagre eller Håkon jarl, gjeld ikkje det alle. Brune den kvite, til dømes, ”fór til Island av di han var fysen på det” (kap. 180). Ingemund jarl av Gautaland var ein stor viking og kjempa for Harald i Hafrsfjordslaget. Men Ingemund treivst ingen stad, og difor ville kong Harald sjølv at han skulle søkje lukka på Island (kap. 145).

Men det er utvilsamt at den islandske sagatradisjonen som Landnáma er ein lekk i, reknar med eit i hovudsak ”norsk” landnåm. Og langt dei fleste av dei settlarane som vi kjenner bakgrunnen til, ser ut til å ha vore frå Noreg. Ser vi på kvar i landet dei kom frå, teiknar det seg eit interessant bilete. Dei langt fleste av dei landnåmsmennene vi kjenner opphavet til, drog ut frå Sogn. Mange kom og frå Agder, Hordaland og Møre. Også distrikta lenger nord er godt representerte, serleg Hålogaland, men og Trøndelag. Det var stormenn og huslydane deira frå heile det atlantiske Noreg som drog. I nokon grad har nok den vestlandske bakgrunnen vorte overdriven på kostnad av den nordnorske (Einarsson 1996). Nokre av settlarane ser dessutan ut til å ha vore frå det vidstrakte innlandsområdet som i sagaene vert kalla ”Opplanda”, og som ikkje må forvekslast med det moderne fylket Oppland. Til ”Opplanda” i sagalitteraturen skal - i tillegg til dei indre Austlandsfylka - reknast dei dalføra som i ei viss meining høyrde til Vestlandet, det vil seie Valdres og Hallingdal, samt Setesdal og delar av indre Agder (Stylegar 2002).

To landsluter ser ut til å vere underrepresenterte i dette biletet: Vika, det vil seie Oslofjordområdet og i nokon grad Telemark - og Rogaland. Medan det relative fråværet av vikværingar i Landnámabók er godt kjent, har det sjeldan vore kommentert at det tilsynelatande var langt færre rogalendingar enn til dømes egder og hordar blant landnåmsmennene. Dersom dette biletet er riktig, høver det med teorien om at Harald Hårfagre kan ha vore ein rogalandskonge, og at ”rikssamlinga” hans utgjorde eit overregionalt herredøme over Vestlandsfylka. Om ein av dei rogalendingane som busette seg på Island, Geirmund Heljarskinn, vert det eksplisitt sagt at han hadde hatt rike i Rogaland før Hafrsfjordslaget (kap. 86). Genealogien til Geirmund, slik den er gitt att i Landnáma og i andre sagaer, er reint ut ”kongeleg” (sjå nedanfor). Då han seinare døydde på Geirmundsstadir på Island, vart han hauglagd i skipet sitt, som kongar i dei danske og norske områda vart på 900-talet. Geirmund Heljarskinn kan ha vore ein ”rikssamlar” in spe. Det kan likeins nokre av settlarane frå resten av Sør- og Vestlandet ha vore. ”Kunnige menn seier at han har vore den gjævaste av alle landnåmsmenn på Island,” heiter det i Landnáma om Geirmund, og det vert sagt at han hadde ei hird på 80 mann med seg då han reiste mellom gardane sine på øya. Til samanlikning heiter det om Harald Hårfagre at han hadde med seg 60 hirdmenn når det ikkje var ufred, mens Erling Skjalgsson om lag hundre år seinare hadde 90 krigarar hos seg i fredstid (Titlestad 2000:168f.). I slutten av 1100-åra vert det fortalt om den orknøyiske stormannen Svein Asleifarson på Gairsay at han underholdt 80 mann på garden sin kvar vinter (Orkneyinga saga, kap. 105). I lag med Geirmund på ferda til Island er stormenn frå Agder og Hordaland omtala. Det er mogeleg at dei til saman representerer eit av fleire alternative politisk nettverk på Vestlandet, med basis serleg i stormannsætter frå andre område enn kjernedistrikta til Harald Hårfagre - som kan ha vore Nord-Rogaland og Sunnhordland. Dei politiske tilhøva på Søraustlandet kan ha vore heilt andre - og truleg vart Vika framleis rekna som dansk område i desse åra. Men siste ord er heilt sikkert ikkje sagt om Harald og rikssamlinga hans; heilt nyleg har spørsmålet vore stilt om Harald i det heile kan oppfattast som ein eigentleg historisk figur (Jakobsson 2002).

Hauksbók og dei andre redaksjonane av Landnáma har ein heil del å fortelje om korleis sjølve landnåmet på Island gjekk føre seg. Hauksbók skildrar ein hovudstruktur der eit relativt lite tal aristokratiske landnåmsmenn tok kontroll over kvart sitt omfattande landområde. Sidan fordelte dei jord innanfor desse vide områda til allierte og undergjevne. Skallagrim, til dømes, gav jord til løysingane sine (kap. 44, 46 osb.). Men vi høyrer og om andre former for transaksjonar; Tord Skjegge sel til dømes landet sitt aust i Lone til Ulvljot (kap. 11).

Vi skal sjå på korleis jord vart delt ut innanfor eit par av desse store landnåma.

Geirmund Heljarskinn for vest til Strandir og tok seg land vestafrå Rytagnup til Horn og derifrå aust til Straumnes (kap. 87). Der bygde han fire bustader. På den eine, i Adalvik, sette han årmannen sin. Den andre, i Kjaransvik, tok Kjaran, trælen hans, hand om. Ein tredje stad sette han trælen Bjørn. I Bårdsvik var den fjerde busetnaden til Geirmund. Den garden styrte trælen Atle, og han hadde tolv trælar under seg. Dette dømet - der ein hovding kontrollerer eit større område med fleire busetnader, og der årmenn og gardstyrarar har ansvaret for kvar sin gard, medan hovdingen sjølv ambulerer mellom dei ulike busetnadene - er truleg det same mønsteret som ein finn i dei vestnorske kystdistrikta i vikingtid. Sagaene fortel at Harald Hårfagre sjølv bygde opp ein liknande godsstruktur i Nord-Rogaland og Sunnhordland etter Hafrsfjordslaget. Truleg er det og eit slikt system som er maktgrunnlaget til Erling Skjalgsson kring år 1000.

Helge den magre sto for eit av dei mest omfattande landnåma. Han var gift med ei dotter av den mektige Ketill Flatnef frå Sogn. Han fór til Nord-Irland saman med Håmund Heljarskinn og andre. Helge tok heile Eyjafjord mellom Siglunes og Reynisnes. Seinare skifta han landet sitt med sønene og mågane sine. Ingjald, son hans, gav han jord opp frå ytre Tverrå austafor Eyjafjardarå til Arnarkvål (kap. 184). Etter det tok folk til å busette seg i landnåmet til Helge slik han avgjorde det. Ondottsønene frå Kvine fekk landnåm i Kræklingalid; Åsmund budde på søre Glerå og Åsgrim på nordre (kap. 195). Håmund, mågen til Helge, fekk jord mellom Merkigilså og Skjalgsdalså (kap. 196). Gunnar Ulvljotsson, som var gift med Tora, dotter til Helge, fekk land opp frå Skjalgsdalså og til Hals; dei budde i Djupadal (kap. 197). Ei anna dotter av Helge, Helga, vart gift med Audun den hårlause, og dei fekk land opp frå Hals og til Villingadal (kap. 198). Sonen til Helge, Rolv, fekk alt land austanom Eyjafjordså opp frå Kvål (kap. 199). Torgeir, son til Tord Bjelke, vart gift med Liv Helgesdotter, og dei fekk land ut frå Tverrå og til Vardgjå (kap. 200). Det var ikkje berre slektningar av Helge som fekk jord i landnåmet hans. Skage Skoptesson, ein stormann frå Møre, tok etter avgjerd frå Helge nordre Eyjafjordsstrand, og busette seg i Sigluvik (kap. 201). Håløygen Tengil Mykjeseglande gjorde etter avgjerd frå Helge landnåm frå Fnjoskå ut til Greinivik (kap. 203).

Arkeologien og landnåmet
Kva kan så det arkeologiske materialet seie oss om landnåmet på Island? Ein god del, etter undersøkingar av fleire tidlege gardsanlegg dei seinare åra.

Kring 871var det eit stort vulkanutbrot på Sør-Island. Den vulkanske oska - tefraen - vart frakta med luftstraumane og kom til å dekke størstedelen av øya som eit teppe. Utbrotet vart langvarig, kan hende fleire månader. Oskelaget vert kalla landnåmtefra. Ein kan framleis finne det mange stader på Island, under ein halvmeter eller så med jord (Vésteinsson 2000:164). Dei tidlegaste spora etter menneskeleg busetnad på Island finst like over dette oskelaget. På så ulike stader som Bessastaðir på sørvestkysten og Hofstaðir i høglandet i nordaust viser utgravingar at folk har slege seg ned innan få år etter utbrotet i 871 (ibid.). Dei mange stadene der forholda er nett slik, kan tyde på at landnåmet på Island ikkje byrja før i dei siste to, tre tiåra av 800-talet.

Ein einaste pollenprofil frå ein stad nær Reykjavík indikerer at det vart dyrka bygg før utbrotet (Hallsdóttir 1996). Nokre arkeologiske spor etter dei papane som Landnámabók nemner, er ikkje funne (Eldjárn 1989). Einskilde granskarar har meint at eventuell menneskeleg aktivitet før 871 kan ha vore avgrensa til jakt og fiske, og slik verksemd kan vere vanskeleg å spore arkeologisk (Kjartansson 1997).

Vilkåra for jordbruk på Island var gode. I sør og vest var det mogeleg å dyrke bygg. Dessutan fanst mange område med eng til fôr langs elvar og bekkar, og framfor alt vidstrakte område som var høvelege til beite. Vidare var det mykje fisk og sel på øya. Alt i alt må det ha vore mogeleg for busetjarane å gjenskape ein del av dei driftsformene mange av dei kjende frå Vest- og Nord-Noreg.

Det arkeologiske kjeldematerialet tyder på at landnåmet var ein snøgg prosess. Det meste av dei busette delene av Island ser ut til å ha vorte folkesett i løpet av få år (Vésteinsson 2000). Det tidlege nærværet av folk på stader som Hofstaðir, 50 km frå kysten og i ei høgd av 250 m over havet, indikerer at den beste jorda alt var folkesett i 880-åra. I det sørlege Island viser pollenundersøkingar eit kraftig fall i bjørkepollen like etter utbrotet i 871. Skogen har vorte rydda ved sviing (Smith 1995). Den omfattande avsviinga tyder på at dei første landnåmsmennene ønskte å legge heile landet under seg. Det er ikkje noko i det arkeologiske materialet som indikerer eit landnåm av små, skilde familiegrupper. Arkeologien samstavar slik sett med skildringa i Landnámabók av den første busetnaden som ei godt organisert verksemd, der mektige folk legg under seg store landområde og folkesett dei systematisk (Vésteinsson 2000:168). Fleire av dei undersøkte tidlege busetjingane har to eller tre langhus, noko som gir det same inntrykket (ibid.).

Det ser ut til at grophus vart nytta i den aller første fasen av landnåmet - før langhus av skandinavisk type vart bygde. Til saman 18 grophus er funne på Island til nå (Urbanczyk 2002:163). Det har vorte hevda at grophusa tyder på at det har vore slaviske folkeelement mellom settlarane (ibid.). Men grophus vart mykje nytta som spesialbygningar i dei skandinaviske landa i jernalder og vikingtid. Det ser ikkje ut til at dei har vore like utbreidde i Noreg som i Sør-Skandinavia, men ein del grophus kjenner vi også her i landet. På Stedje i Sogndal er eit slikt grophus tolka som ei vevstue. Eit grophus som vart avdekt på Bertnem i Namdalen har truleg hatt samband med tekstilarbeid. På Hunstad ved Bodø er eit grophus med eldstad tolka som ei badstove (Løken 1997). Dei seinare åra har det og vorte funne grophus på Austlandet og på Agder. I Landnáma høyrer vi at Ondottsønene gøymde seg i eit grophus i Sokndal, mens Åsgrim seinare skjulte seg i eit grophus i Surnadal (kap. 195). Det er vanskeleg å knytte denne byggeskikken på Island til påverknad frå visse område, utan at andre område er arkeologisk undersøkte (Vilhjálmsson 1996). Sjølv om grophus er sjeldne i det arkeologiske materialet frå til dømes Rogaland, veit vi at nedgravne bustadhus var vanlege på Jæren fram til 1800-åra.

Så snart dei beste områda på kysten var folkesette, følgde utforskinga av innlandet. Seinare settlarar følgde dei store elvane inn i landet, der dei fann tilhøve som minte om dei på kysten. Eit resultat av dette var at alle dei mektigaste islandske busetjingane i mellomalderen anten finst i kystdistrikta eller ved hovudelvane (Vésteinsson 1998).

Busetnadsmønsteret i dei områda som var dekte av skog då landnåmet på Island tok til, tyder på at ein stor grad av planlegging var naudsynt for å folkesette slik jord. I desse områda ligg eigedommane med meir eller mindre jamn avstand mellom, og dei er om lag like store - og oftast klart mindre enn gardane på kysten eller langs elvane. Det ser derfor ut til at det har vore ein fase nummer to av landnåmet, der dei settlarane som alt var etablerte, let nykommarane få område som ikkje var like attraktive, til dømes slike område som måtte ryddast for skog (Vésteinsson 2000). Det er og eit mønster vi kjenner frå skildringane i Landnámabók.

På Hofstaðir og Granastaðir, som båe ligg i marginale område langt frå havet, har arkeologane funne mykje bein frå sjøfugl, havfisk og skjel. Sjølv om marine ressursar ikkje har vore hovudnæringa for folk på desse stadene, er det tydeleg at dei har spelt ei viktig rolle (Mc Govern et al 1998). Husdyrhald har utan tvil vore det viktigaste på desse gardane, men folk har også utnytta andre ressursar, også slike som ikkje fanst like ved gardane. Det tyder på at det har vore mykje tilgjengeleg arbeidskraft, og at busetjingane har vore godt organiserte (Vésteinsson 2000).

Islendingesagaene, som skildrar Island i 1200- og 1300-åra, viser oss eit samfunn dominert av ei lita gruppe jordeigande hovdingar, som kvar råder over ei laust definert gruppe av undergjevne. Dei fleste av desse undergjevne var leiglendingar, og den politiske og økonomiske makta låg hos det fåmente aristokratiet - folk som Hauk Erlendsson, Sturla Tordarsson og Snorre Markusson. Over lang tid gjekk det føre seg ei opphoping av makta, som enda med at heile landet under sturlungetida var i henda på fem, seks mektige familiar. Nyleg har det vore peika på at dette er ein langsiktig prosess som i store drag førte frå godesamfunnet i sagaold, via ei rekkje med ríki, der fleire godedøme var samla på ei hand, og i neste instans dei nemnde storrika på 1200-talet (Fidjestøl 1990:40). Historikaren Jón Viðar Sigurðsson skriv at utviklinga på Island i fristatstida var første trinn i ei statsdanning (1997:35). Det har nyleg vore hevda at denne aristokratiske samfunnsstrukturen kan ha røter i sjølve landnåmet (Vésteinsson 2000.).

Ætt og makt
Genealogiane, ættelinene, speler ei særs viktig rolle i Landnámabók, så vel som i annan norrøn mellomalderlitteratur. I eit islandsk verk frå midten av det 12. hundreåret reknar forfattaren opp kva slags norrøne tekster som fanst på Island på den tida. Han nemner først lovene, så det han kallar ættvísi, ættekunnskap eller genealogiar, deretter omsett eller lærd religiøs litteratur, og til slutt skriftene til Are Torgilsson (Mundal 2002:57). Íslendingabók, som sistnemnde skreiv, var ferdig i 1120-åra.

Like frå dei eldste skrivne kjeldene - skaldekvada - er genealogiane nærverande i den norrøne litteraturen (Meulengracht Sørensen 1993). Genealogier finst også i runeinnskrifter frå vikingtid. Ein innskrift på ein stein i N Sandsjö sokn i Småland ramsar opp sju ledd i ei storbondeætt. I det norrøne samfunnet var genealogi viktig fordi det var viktig å vite kven ein var i slekt med. Det var naudsynt av praktiske grunnar, til dømes når det galdt arv, og ein måtte vite når ein hadde plikt til å vere med å betale bot for ein som hadde forbrote seg, eller når ein hadde krav på å få bot om ein slektning var drepen (Mundal 2002:58). I kristen tid måtte ein vite kven ein kunne inngå ekteskap med. Alle frie menneske hadde av desse årsakene eit stort tal av ætteliner og ætteforhold å halde greie på.

”Opplysningar om slektskapsforhold (…) plasserer einskildmenneske og ætter i forhold til kvarandre. Vårt utrena blikk ser kanskje ikkje straks at to menn som vert presenterte i ei islendingesoge, er tremenningar, eller at konene deira er søstrer. Menneska i norrøn tid la truleg merke til dette straks fordi det var viktig. Det kunne gi hint om korleis desse menneska seinare ville kome til å stille seg til ein konflikt. Slektskapsforhold kan gi varsel om kven som vil kome til å vere på parti, og kven som vil kome til å vere motstandarar, og dersom menneske handlar mot dei mønster som slektskapsrelasjonane tilseier, så skaper det uro og spaning i forteljinga,” skriv Else Mundal (ibid.).

Men i sagaene, som i det verkelege, livet fylte ættvísi og tre andre funksjonar: Ættelinene til ein person var eit tekn på den sosiale statusen til denne personen, og difor vart genealogiane ikkje sjeldan svært utbroderte, nett som ein kunstform. Dess lengre genealogi, dess høgare status og større ære (Mundal 2002:58). Når ein unntar dei næraste slektningane, var ættelinene til ei kvinne eller ein mann meir eller mindre utvikla konstruksjonar; dei var eit resultat av eit val mellom mange mogelege ættesamband, anten verkelege eller innbilte. Det er her den tredje funksjonen til genealogiane kjem inn: Dei var ein reiskap for historisk forståing og mytisk tenking (Meulengracht Sørensen 1993).

Vi har alt sett korleis Hauk Erlendsson av årsaker vi ikkje kjenner, valde å følgje ætta si tilbake til landnåmsmennene gjennom mormor si, medan slekta til faren ikkje vert nemnd. Det er elles typisk for Landnámabók at genealogiane vekslar mellom manns- og kvinneledd, altså at dei er det vi kallar kognatiske. Men det finst og eksempel på reine agnatiske liner og reine kvinneliner (Mundal 2002). Genealogien til landnåmsmannen Ingolv i kapittel 10 er til dømes reint agnatisk gjennom tretten generasjonar - tre før Ingolv og ni etter.

Vi finn ein typisk genealogi i Hauksbok-redaksjonen av Landnáma i kapittel 232. Den vert ført frå Olve Øksna-Toresson i Noreg, via landnåmsmannen Torstein den kvite gjennom 13 ledd - fleste mannsledd, men og eitt kvinneledd - til Hauk Erlendsson sjølv:

”Olve den kvite heitte ein mann, son av Olve Øksna-Toresson. Han var lendmann og budde i Åmdal. Han kom i usemje med Håkon jarl Grjotgardsson. Han fór til Ørlandet og døydde der, men Torstein den kvite, son hans, fór til Island og kom med skipet sitt til Våpnafjord på søk etter land. Han kjøpte land av Våpna og budde på Toptavellir utanfor Sireksstadir nokre vintrar før han kom seg til Hovsland på det viset at han henta leigegodset sitt hjå Steinbjørn Kart, men han hadde ikkje anna å gi for det enn land. Der budde Torstein sidan i seksti vintrar, og han var ein vis mann. Han var gift med Ingebjørg, dotter til Rodgeir den kvite. Dei hadde borna Torgils, Tord, Onund, Torbjørg og Tora. Torgils var gift med Åsvòr, dotter til Tore, son av Graut-Atle. Dei hadde sonen Brodd-Helge, som tidlegare var gift med Halla, dotter av Lyting Asbjørnsson. Dei hadde sonen Viga-Bjarne. Han var gift med Rannveig, dotter til Eirik i Goddalir. Deira son var Skjegg-Brodde og Yngvild, som Torstein Hallson var gift med, var dotter deira. Skjegg-Brodde var gift med Gudrun, dotter til Einar Sælending og Halldora Einarsdotter. Dei hadde borna Tore og Bjarne Huslang. Tore var gift med Steinunn, dotter til Torgrim den gråhærde. Deira dotter var Gudrun, som Flose Kolbeinsson var gift med. Dei hadde sonen Bjarne, far til Bjarne som var gift med Halla Jorunnsdotter. Borna deira var Flose prest, Torve prest, Einar Brunn, Gudrun som Tord Sturluson var gift med, Gudrun som Einar Bergtorsson var gift med, og Helga, mor til Sigrid Sigvatsdotter. Flose prest var gift med Ragnhild, dotter til Bork på Baugsstadir. Borna deira var Bjarne og Einar, Halla, mor til herr Kristoforus, Tordis, mor til fru Ingegerd, mor til fru Gudrun og Hallbera. Valgerd var òg dotter til Flose og var mor til herr Erlend Sterke, far til Hauk og Valgerd.”

Den fjerde funksjonen til genealogiane har og nær samanhang med sosial status. Frå det enkle faktum at Landnáma stendig vart endra og oppdatert kan vi slutte at denne teksten var av meir beinveges nytte for islendingane i høgmellomalderen enn det tidlege forsøket på meir konvensjonell historieskriving som Are Frode stod bak. Landnáma inneheldt den fortidskunnskapen dei trengte: om kven forfedrane deira var og kvar dei levde. Rafnsson (1974) har argumentert overtydande for at denne kunnskapen var nødvendig for å underbyggje krav om eigedomsrett til ulike gardar. Dét gir og ei forklaring på kvifor teksten i Landnámabók stendig vart endra, og kvifor genealogiane i dei ulike redaksjonane ikkje alltid var like.

Gisles saga handlar om skalden Gisle Sursson. Gisle hemnar seg på Torgrim gode ved å drepe han etter at sistnemnde har tatt livet av mågen hans, Vestein. Etter drapet vert Gisle lyst fredlaus. Han lever som fredlaus i tretten år, men til slutt vert han drepen av Eyvind. Mange av islendingesagaene er som Gisles saga: dei er prosaforteljingar om feider og blodhemn. Men kvifor ville ein minnest Gisle sjølv? Han tilhøyrde ei av dei mektige ættene i nordvestfjordungen. Sonen til Torgrim, som Gisle drap, og kona Tordis var ingen ringare enn Snorre gode - den sentrale politiske figuren i dette området i byrjinga av 1000-åra, og ættefar til halve den islandske eliten i det 13. hundreåret. Eyvind som til slutt drap Gisle, var og ein forfar av Are Frode. Konflikten i sagaen mellom Eyvind og Tordis ligg dessutan under ei særs viktig hending i eigedomshistoria til eit av dei viktigaste politiske og religiøse sentra på Island, Helgafell, slik Eyrbyggja saga skildrar. Det var difor all mogeleg årsak for tilhøyrarane til å ville høyre om akkurat desse personane, og om det tragiske hendingsforløpet. Og mest alle islendingesagaene har liknande røter: i minnet om ættefedrane til dei mektigaste i det islandske samfunnet i det 13. hundreåret (Fentress og Wickham 1992:167).

Men det finst også genealogiar som tydeleg har meir spesielle funksjonar, til dømes å gi uttrykk for herskarideologi (Mundal 2002:58). I herskarideologiske dikt som Ynglingatál og Háleygjatál vert ynglingaætta og håleygjaætta (Håløyg-jarlane) førte tilbake til eit mytisk opphav. I Íslendingabók hektar Are Frode seg sjølv og ætta si via eit kvinneledd inn på ein fyrstegenealogi som går attende til Njord, og derifrå til Yngve Tyrkarkonge. Seinare gir Snorre Sturluson i si Edda dei skandinaviske kongsættene eit opphav i Troja. Slik skriv dei seg inn i ein europeisk tradisjon (Mundal 2002:60). I eldre tekstar frå kontinentet og Dei britiske øyane hadde heltane frå Troja vore gjorde til stamfedrar for fleire europeiske kongsætter (ibid.). Også dei frankiske kongane rekna etter Fredegar-krøniken frå 600-talet ætta si tilbake til kong Priamos i Troja (Hedeager 1999:37).

Den tapte Skjoldunga saga frå slutten av 1100-åra handlar om dei danske kongane. Den tok til med ein genealogi som gjekk attende til Odin, og skildra korleis æsene hadde vandra til Norden frå Asia. I byrjinga av det 14. hundreåret kopla Snorre Sturluson opphavsmyten i Ynglingatál saman med denne vandringshistoria, og han let Odin og dei tre sønene hans trone på toppen av genealogiane til dei skandinaviske kongsættene.

Seinare genealogiar fører denne lina enda lenger attende, først til Noa og seinare til Adam (Jónsson 1960). I den islandske Flateyjarbók frå kring 1387 vart fire ætteliner førte frå den mytiske fortida og fram til den dåverande kongen, Olav 4. Håkonsson, via Harald Hårfagre. Ein av dei reknar ætta frå Adam til Harald Hårfagre gjennom Odin (Mundal 2002:61). I genealogien til den islandske biskopen Jón Arason (d. 1550) er Jón 85. generasjon frå Adam (Jónsson 1960). Inspirasjonen til desse linene attende til Odin finst i engelske kjelder. Snorre nyttar såleis ein angelsaksisk genealogi frå kring 990 i prologen til Edda (ibid.). I dei angelsaksiske krønikene for året 857 finst ein genealogi som vert ført frå Adam, til Hrathra, ”som var fødd om bord i arken,” via Odin og til kong Æthelwulf av Wessex, far til kong Alfred den store (Cavill 2001:86f.). Slett ikkje nokon dum ættebakgrunn for ein kristen konge som var omgitt av heidenske, skandinaviske erobrarar…

”I dei genealogiske dikta, og i dei genealogiane elles som har som ein primærfunksjon å dokumentere herskarmakt, er det berre dei mannlege slektslinene som er rekna opp,” skriv Else Mundal. Det har samanhang med at retten til å verte konge i den førkristne tida var ein rett berre søner kunne arve. Nokre slike herskargenealogiar - eller slike genealogiar som kan vere det - finn vi og i Landnáma.

Det gjeld til dømes, som eg har vore inne på, genealogien til Geirmund Heljarskinn. Den vert ført (kapittel 86 og 87) frå Hjørleiv Hordakonge, via Halv og sonen Hjør til Geirmund. Andre tekstar fører genealogien til Geirmund lenger attende, via den eponymiske kong Augvald på Avaldsnes, Nor og Gor og til Fornjot (Vea 1999). Også ætta til Orknøyjarlane vert i Orkneyinga saga ført tilbake til Fornjot på liknande vis. Dei ætta etter sagaen frå Ragnvald Mørejarl. Likeins kan ein sjå at Horda-Kåre-ætta blir ført tilbake Fornjot – med Floke Vilgerdsson og Ulvljot som sentrale aktørar i Landnáma. Preben Meulengracht Sørensen hevdar at Fornjot-opphavet og myten om Nor og Gor er meint å skulle understreke den spesielle statusen til Orknøyjarlane i forhold til dei norske kongane. Gjennom avstamminga si, som vert ført tilbake til ei mytisk fortid i Noreg, har dei djupare røter i norsk historie enn dei norske kongane sjølv; ”dei er, på eit vis, meir norske enn kongane i Noreg” (Meulengracht Sørensen 1993:221). Det er ikkje urimeleg å tenkje seg at denne myten har røter i det vestnorske aristokratiet som ikkje berre Ragnvald Mørejarl, men og Geirmund Heljarskinn, Floke og Ulvljot var framståande representantar for.

Ein annen reint agnatisk genealogi finn vi i kapittel 175, der det heiter om Tord, ”ein gjæv mann”, at han var ”son av Bjørn Byrdusmør, son av Roald Rygg, son av Åsleik, son av Bjørn Jarnside, som var son av Ragnar Lodbrok”. I kapittel 347 kan vi lese om Orm den gamle, ”son av Eyvind jarl, son av Arnmod jarl, den gjerrige,” som gjorde landnåm mellom Varmå og Tverrå. Nett denne genealogien koplar Magnus Olsen til personar som vert omtala i dei to innskriftene på ein runestein frå vikingtid på Oddernes i Kristiansand. Den yngste av dei to innskriftene omtalar ein Eyvind som var gudsonen til Heilag-Olav, og som truleg er identisk med den Øyvind Urarhorn som vert omtale i Heimskringla og i Orkneyinga saga (Olsen 1954:73ff.). Kan hende har vi difor i oppramsinga i Landnáma eit minne om herskargenealogien til stormannen Øyvind Urarhorn?

I den norrøne kongeideologien er den prototypiske herskaren son av ein gud og ei jotunkvinne, slik Gro Steinsland har vist (Steinsland 1991). Sagaene omtalar slike folk som ”halvtroll”, born av ein helt frå menneskeverda og ei jotunkvinne. I kapittel 303 heiter det om Ketill Høng at han var ”son av Torkell Naumdølajarl og Ragnhild, dotter av Ketill Høng frå Ramsta, son av Hallbjørn Halvtroll”. Jotunkvinnene som vert stammødrar til desse ”halvtrolla” vert omtala dels som jotnar, dels som finnar, altså samar (Mundal 2002:60). Det er difor mogeleg at skildringa av Geirmund Heljarskinn i Landnámabók og alluderer til eit slikt prototypisk ekteskap. Far til Geirmund, kong Hjør, herja nord i Bjarmeland - namnet sagaene nyttar om traktene kring Kvitsjøen. Der tok han Ljuvina, dotter til bjarmekongen, som hærfang. Ho vart att i Rogaland då Hjør fór i hærferd på ny. Då fødde ho sønene Geirmund og Håmund, og dei var heilt svarte, eit tydeleg teikn på det spesielle opphavet til brørne – og eit synleg merke på deira rolle som prototypiska herskarar?

Muntleg tradisjon og skriftlege kjelder
Landnámabók har vore og er viktig for islandsk historieskriving. Det vil ho truleg også vere i framtida, sjølv om arkeologien etter alt å døme vil kunne komme til å spele ei meir sjølvstendig rolle. Landnáma var det første historiske verket frå mellomalderen som vart trykt på Island, og boka har spelt ei ikkje ubetydeleg rolle for islandsk identitet og sjølvmedvit. Men skal ein bruke Landnáma – og det gjeld ikkje minst den historiserande redaksjonen som her ligg føre – som berettande kjelde, lyt ein vere klar over at boka tvers igjennom er prega av den tida og det samfunnet ho vart til. Ho er først og fremst ei leivning frå elitekulturen i det aristokratiske høgmellomaldersamfunnet på Island.
.
Verdien av Landnáma som berettande kjelde til norsk og islandsk vikingtidshistorie, er mellom anna avhengig av korleis den einskilde granskaren vurderer forholdet mellom muntleg tradisjon og skriven tekst. Er det til dømes truleg at minnet om landnåmsmennene og ættebakgrunnen deira i Noreg kan ha halde seg frå ikring år 900 og dei meir enn to hundre åra fram til Are Frode – for ikkje eingong å nemne dei fire hundre åra fram til Hauk Erlendsson?

Forholdet mellom skrivne sagaer og muntleg tradisjon – og mellom skriftleg og muntleg kultur i det heile i mellomaldersamfunnet – har i ei årrekkje vore debattert (sjå t. d. Clover 1982, 1985; Ólason 1987; Steblin-Kamenskij 1975; sjå elles Fidjestøl 1990). Med omsyn til den meir generelle diskusjonen om muntleg kontra skriftleg kultur i mellomalderen, sjå Fentress og Wickham 1992; Geary 1994; Le Goff 1988; Ong 1996). Viss stoffet i Landnáma har vorte tradert i meir enn to hundre år før Are Frode som den første skreiv ned noko av det, må det ha foregått muntleg, som segner. ”Som ein arkeolog må ein historikar som vil granske det tidlege islandske samfunnet, utvikle metodar og teknikkar som tillet han å utnytte kjeldene på måtar som dei aldri var meint å skulle nyttast. Utan sagaene finst det ingen islandsk kulturhistorie (social history) utover hypotetiske konstruksjonar grunna på lovtekster,” skriv William Miller (1990:47, sjå også Wormald 1982). Folkloristane har lenge arbeidd med problem knytt til muntleg overført kunnskap, og det er til folkloristikken vi må vende oss om vi skal kunne utvikle dei metodane og teknikkane som Miller etterlyser.

I utgangspunktet må ei konkret hending finne atterklang i det kollektive medvitet til eit samfunn for at ho skal kunne gå over til å bli ei segn (ei narrativ hending). I denne prosessen må unike aspekt ved hendinga skallast av, slik at ho kan verte innpassa i ein rytmisk struktur eller eit konvensjonelt handlingsmønster for det samfunnet som tar vare på ho. På denne måten vert informasjonen utkrystallisert som kollektiv tradisjon (Ong 1996:75).

At ei segn fungerer etter føresetnaden og vert tatt vare på, er avhengig av at samfunnet ho lever i, i eit visst mon er statisk, og at det finst tilgjengelege forteljarar (Palmenfeldt 1985:38). Dessutan vert minnet om hendinga styrkt om det finst ivaretatte restar av ho. Det kan vere i form av synlege, konkrete minne som ei overgrodd tuft eller usynlege minne som eit stadnamn. I Morkinskinna får vi høyre at Harald Hardråde er nord i Gudbrandsdalen og får kongsnamn av den unge hovdingen Tore på Steig. ”Harald gav honom då ein bolle av valbjørk omkransa med sylv og med eit handtak gylt av sylv. (…) Han gav honom òg to gullringar, som saman var ei mark, og kappa si. Kappa var av mørkt purpur,” heiter det (Sagaen om kong Magnus den gode og kong Harald Hardråde, kap. 14). Sidan heiter det i sagaen: ”På denne måten vart dette fortalt av ein klok mann som heitte Torgils, og han sa at han hadde vorte fortald soga av Gudrid, dotter til Guttorm, som var son til Steigar-Tore. Han sa at han hadde sett bollen av valbjørk og kappa, som kong Harald gav Tore, og den var skoren sund til eit altarklede” (ibid.). I Hauksbók er det mange slike døme. Vi finn eitt i kapittel 126. Så vel stadnamn som fornminne speler ei heilt sentral rolle i forteljinga:

”Hella-Bjørn, son til Herfinn og Halla, var ein stor viking. Han var jamleg i uvenskap med kong Harald. Han kom til Island i Bjarnarfjord med skip heilt kledd med skjold. Etter det vart han kalla Skjold-Bjørn. Han gjorde landnåm frå Straumnes til Drangar; han budde i Skjaldbjarnarvik og hadde ein annan bustad på Bjarnarnes. Der kan ein enno sjå dei store skåletuftene hans. Son hans var Torbjørn, far til Arngerd som var gift med Tjodrek Slettu-Bjørnsson. Dei hadde sønene Torbjørn, Sturla og Tjodrek”.

Hustuftene på Bjarnarnes er på same måte som bollen og kappa etter Tore på Steig, aides-mémoires – reiskap for å hjelpe minnet, og i den eigenskapen er dei typiske for muntlege kulturar (sjå elles Stylegar 1998). Dei inngår i mentale bilete som kan halde seg lenge i minnet. Som i skaldediktinga, er desse bileta særs visuelle og konkrete. Tuftene på Bjarnarnes er skåletufter, og dei er store. Skipet til Hella-Bjørn var heilt kledd med skjold. Bollen som Steigar-Tore fekk av kongen, var av valbjørk, og han var omkransa med sylv og med handtak av gylt sølv. Kappa var av mørkt purpur.

Vi finn mange tilsvarande døme i seinare folketradisjon. Frå Sirdal i Vest-Agder vart det til dømes fortalt ei segn om Sigurdshellaren. Segna seier at i mykje gamal tid var det ein fredlaus stormann som heldt seg i den hellaren ein sommar. Sidan fekk hellaren namn etter han. Stormannen heitte Sigurd og skulle høyre heime ein stad på Nordlandet (dvs. i Rogaland eller Hordaland). Han var visstnok son av ein jarl. I dei tider var det ufred innanlands, og Sigurd hadde mist mange av skyldfolket sitt. Bonden på garden Fidjeland sende mat til mannen i hellaren, og han laut love å halde tett med det han visste. Sigurd kom i den tida folket slo på stølane, og han reiste då det hausta. Dei skildest som gode vener. Som venegåve gav Sigurd gardsfolket eit vent og særs godt bjørnespjut. Det var ikkje fullt så langt som ein mann er høg, men med eit tjukt og vent skaft, og ein odde som var sylkvass. Segna seier ikkje meir om Sigurd. Men spjutet fekk namnet Sigurdsgåva og følgde folket på Fidjeland. Det følgde ættene – mann etter mann – og segna følgde med spjutet (Eikeland i trykk).

Slike korte prosaforteljingar svarar nærmast til dei norrøne småsogene (Þættir). Etter ein eldre teori har slike småsoger eksistert som ei muntleg kortprosaform som har danna utgangspunkt for lengre sagaer ved at dei har blitt sette saman eller bygde ut (sjå t. d. Fidjestøl 1990:25). Tradisjonane om Mørk- eller Skraddar-ætta frå fjellbygda Åseral i Vest-Agder viser oss at det i alle fall i nokre tilfelle har eksistert førestellingar om ein innbyrdes samanheng mellom slike korte prosaforteljingar. Den samanhengande ættesoga som Knut Liestøl fekk gjengitt av fleire informantar i Åseral i byrjinga av 1900-talet, ser ut til samstundes å ha funnest som skilde, kortare soger. Johannes Skar gjengir fleire av dei i ”Gamalt or Sætesdal” (Skar 1997). Samlaren Skar ser ikkje ut til å ha oppfatta desse småsogene som ei eining, men fleire av informantane til Knut Liestøl har tydelegvis gjort det (Liestøl 1993).

Her synest det som vi har eit konkret eksempel frå nyare tid på det Carol Glover kallar ”immanente sagaer” (Clover 1985). Ein slik ”immanent saga” er ikkje ein tekst, men likevel ei litterær eining i form av medvit om ein tenkt samanheng, der dei ulike småsogene kan inngå som delar (ibid.). Moderne friprosateoriar som Clovers gir ein modell som opnar for reell kontinuitet mellom muntlege tradisjonar frå det Bjarne Fidjestøl kallar ”arkaisk tid”, og dei skrivne mellomaldersagaene (Fidjestøl 1990).

Undersøkingar i Noreg av personalhistoriske segner – Skraddar-soga og andre moderne ættesagaer frå 1600-åra og seinare – viser at slike samanhengande forteljingar kan leve på folkemunne i tre hundre til fire hundre år. Stereotype segner kan leve endå lenger (Hodne 1973:8; jfr. Liestøl 1941, 1993). Segner om kyrkjebygging er av denne typen (Brendalsmo og Stylegar i trykk). Særleg segner med religiøs funksjon vert rekna for svært pålitelege. Folkloristen Bjarne Hodne meiner årsaka er at menneska i religiøse spørsmål er meir enn vanleg konservative, og at det gamle heng att lenge etter at ei ny retning har overtatt. Sentrale folkelege skikkar og førestellingar frå katolsk tid har levd vidare i det norske samfunnet til godt inn på 1900-talet (Hodne 1973:176ff.).

Det viktigaste vilkåret for at minnet om ei hending skal overleve, er at det finst ei interesse i det heimlege miljøet for hendinga. Skal segna verte tradert rett, må ho ha ein funksjon i lokalmiljøet. Dersom tradisjonen er funksjonell, vert han å rekna som meir påliteleg enn elles. Ein slik funksjon er underhaldningsfunksjonen, ein annan er forklaringsfunksjonen. I dømet Landnámabók vil også funksjonar knytte til eigedomsrett til jord osb. reknast med. Det speler òg inn at ein tradisjon kan gi lokal og/eller sosial identitetskjensle. Eit kollektivt minne gjer at kvar og ein vert i stand til å ”hugse” ting som han eller ho aldri har opplevd sjølv, men som nett inngår i miljøets felles medvit om si fortid og sin eigenart (Eriksen 1999:101). Ein siste funksjon er den pedagogiske. Ei muntleg tradert forteljing skal ha ein moral, og denne moralen må gi atterklang i miljøet. Om tradisjonen har utgangspunktet sitt i miljøet, har han dessutan normerande og stabiliserande karakter; han er med på å halde vedlike sentrale verdiar i heimelsområdet sitt.

Det finst truleg monaleg mykje muntleg overført tradisjon i Landnámabók. Slik sett er det ikkje noko i vegen for at mykje av stoffet i boka – også det som handlar om norske tilhøve på 800-talet – kan vere ”sant” i den forstand at det representerer ein ubroten muntleg tradisjon med utgangspunkt i faktiske hendingar. Men tradisjonsmaterialet er sett inn i ønskte og medvitne samanhengar i teksten. Ei rekke hendingar har ikkje vorte traderte, og vi må tru at mange som vart det, ikkje kom med i Landnáma – fordi dei ikkje fylte dei funksjonane som dei ulike redaktørane meinte dei skulle og måtte fylle. På den måten har hendingar som folk i ettertida ville halde for å vere sentrale, gått tapt. Det er og tilfellet med dei meir moderne ættesagaene, der einskilde viktige hendingar, ætteledd, yngre soner osb. ikkje er med i soga, men kan verte rekonstruerte ut frå kyrkjebøker, skattelister og andre samtidskjelder (sjå t. d. Liestøl 1976:415ff.).

William Miller, Jesse Byock og andre granskarar har i nyare tid i ei rekkje sosialantropologisk inspirerte studiar utnytta islendingesagaene som kjelder for å skrive kulturhistorie med utgangspunkt i det tidlege islandske sagasamfunnet (Miller 1990, Byock 1988). Millers åtvaring mot ikkje å nytte islendingesagaene og andre primært litterære tekster som historiske kjelder, er først og fremst retta mot ein eldre skule av tekstkritiske sagagranskarar, men ho er verd å ta med seg, før vi sett punktum:

”Ein finn framleis hos mange kulturhistorikarar (social historians) ein motvilje mot å nytte litterære kjelder i kulturhistoria. Mykje av denne motviljen er ein funksjon av måten vi sosialiserer og institusjonelt konstituerer kunnskapen vår på. Historikarar med ein positivistisk legning har ein hang til ikkje å ville opphøgje tekster som også får merksemd blant litteraturvitarane, til ”verkelege” historiske kjelder. Historikarar kjem ofte til litterære tekster med ei djup mistru. Litteratur er, når alt kjem til alt, rekna av nokon som lite anna enn ei samling lygner, og tolking av litterære tekster kan for einskilde synest å krevje meir forskarfantasi enn det historikarar føler bør verte tillagt ei kjelde. Likevel kan ein mistenkje at motstanden mot å nytte litterære kjelder har mindre å gjere med fornuft enn med dei konvensjonane som følgjer historiefaget. ”Verkelege” historikarar steller med rettskjelder, skattelister, administrative kjelder osb. Litteratur er noko ein les på fritida. Det er òg ein underforstått tanke at sanningsverdien i ei kjelde er omvend proporsjonal med den gleda ho gir lesaren: ”no pain, no gain”. På det viset er det lettare for dårleg litteratur å bli seriøst vurdert som ei historisk kjelde enn god litteratur. Dei fleste sagaene er, med eit slikt utgangspunkt, for gode til å vere sanne. Men å avvise ei kjelde berre fordi han også er god litteratur, er ein luksus som berre dei historikarane kan unne seg, som har det som fagtradisjonen reknar med er betre kjelder – om enn ikkje av nokon annan årsak enn at dei er meir keisame. Historikarar som arbeider med Island i den eldre sagatida har ikkje noko val; det finst ikkje nokre rettsreferat eller administrative kjelder, og dei få diplomatiske kjeldene som eksisterer, nøyer seg med å gi att donasjonar til kyrkja. Viss tidleg islandsk samfunns- og kulturhistorie skal verte skriven, må ein nytte litterære kjelder. Dette er knapt nokon revolusjonerande påstand utanfor sagastudiene, slik døma frå bibelforsking, frankisk historie eller utforskinga av det homeriske Hellas klart viser” (Miller 1990:45).

Litteratur
J. Benediktsson 1961. Hauksbók. KLNM VI. Oslo.
J. Benediktsson 1965. Landnámabók. KLNM X. Oslo.
J. Benediktsson 1974. Introduksjon til faksimileutgaven av Landnámabók. Reykjavik.
J. Brendalsmo og F.-A. Stylegar (i trykk). Sagnkirker og kirkesagn. Hikuin.
J. L. Byock 1988. Medieval Iceland: Society, sagas, and power. Berkeley.
P. Cavill 2001. Vikings - fear and faith in Anglo-Saxon England. London.
C. J. Clover 1982. The medieval saga. Ithaca.
C. J. Clover 1985. Icelandic family sagas. I: C. J. Clover og J. Lindow (red.), Old Norse-Icelandic literature: A critical guide. Ithaca.
I. B. Eikeland i trykk. Segn og historier frå Sirdal 2.
B. F. Einarsson 1996. Landnamet av Island i psykologiska och ekologiska termer. I: J. F. Krøger og H.-R. Naley (red.), Nordsjøen. Handel, religion og politikk. Stavanger.
K. Eldjárn 1989. Papey. Fornleifarannsóknir 1967-1981. Árbók hins Islenzka Fornleifafélags 1988:35-188.
A. Eriksen 1999. Historie, minne og myte. Oslo.
J. Fentress og C. Wickham 1992. Social memory. Oxford.
B. Fidjestøl 1990. Islendingesaga og fyrstedikting. Dikting og samfunn i arkaisk norrøn kultur. I: Ø. Andersen og T. Hägg (red.), Hellas og Norge. Bergen.
P. J. Geary 1994. Phantoms of remembrance. Memory and oblivion at the end of the first milennium. Princeton.
G. Jónsson 1960. Genealogier. KLNM V. Oslo.
M. Hallsdóttir 1996. Frjógreining. Frjókorn sem heimildir um landnámið. I: G. Ásagrímsdóttir (red.), Um landnám á Íslandi: Fjórtán erindi. Reykjavik.
L. Hedeager 1999. Skygger av en annen virkelighet. Oldnordiske myter. Oslo.
B. Hodne 1973. Personalhistoriske sagn. En studie i kildeverdi. Oslo.
S. Jakobsson 2002. ”Erindringen om en mægtig Personlighed”. Den norsk-islandske historiske tradisjon om Harald Hårfagre i et kildekritisk perspektiv. Historisk Tidsskrift 2-3-2002:213-230.
H. S.Kjartansson 1997. Landnámið eftir landnám. Ný Saga 9:22-34.
Landnåmsboken, Utg. ved Hermann Pálsson. Oslo 1997.
J. Le Goff 1988. Histoire et mémoire. Paris.
K. Liestøl 1941. Saga og folkeminne. Festskrift til Knut Liestøl på 60-årsdagen 13. november 1941. Oslo.
K. Liestøl 1993 [1922]. Norske ættesogor. Åseral.
T. Liestøl 1976. Åseral. Gard og ætt, b. 1. Åseral.
T. Løken 1997. Det forhistoriske huset. I: Hus på vestkysten gjennom 4000 år. Bergen/Stavanger.
E. Mundal 2002. Genealogiane i norrøne kjelder - ideologi og funksjon. Norsk slektshistorisk tidsskrift 2-2002:57-64.
T. H. McGovern, I. Mainland og T. Amorosi 1998. Hofstaðir 1996-1997. A preliminary zooarchaeological report. Archaeologia islandica 1:123-128.
W. I. Miller 1990. Bloodtaking and peacemaking. Feud, law, and society in Saga Iceland. Chicago.
Morkinskinna. Norske kongesoger 1030-1157. Utg. ved T. Titlestad. Stavanger 2001.
V. Ólason 1987. Norrøn litteratur som historisk kildemateriale. I: G. Karlsson (red.), Kilderne til den tidlige middelalders historie. Rapporter til den XX. Nordiske historikerkongress Reykjavík 1987, b. 1. Reykjavik.
M. Olsen 1954. Norges innskrifter med de yngre runer, b. 3: Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. Oslo.
W. J. Ong 1996. Muntlig och skriftlig kultur. Teknologiseringen av ordet. Göteborg.
Orkneyinga saga. Utg. ved H. Pálsson og P. Edwards. London 1981.
U. Palmenfelt 1985. Prästdråpssägen – ett tittrör ned i Kalmarunionens sociala strider. Tradisjon 15:35-48.
H. Pálsson 1996. Keltar á Íslandi. Reykjavik.
H. Pálsson 1997. Úr landnorðri. Samar og ystu rætur islenskrar menningar. Reykjavik.
S. Rafnsson 1974. Studier i Landnámabók. Lund.
S. Rafnsson 2001. Landnámabók. I: Reallexikon der Germanischen Altertumskunde, b. 17. Berlin.
J. V. Sigurðsson 1997. Den islandske fristatshøvdingen. I: J. F. Krøger (red.), Rikssamlingen. Høvdingmakt og kongemakt. Stavanger.
J. Skar 1997 [1903-1916]. Gamalt or Sætesdal. Samla utgåve. Espa.
K. P. Smith 1995. Landnám: The Settlement of Iceland in Archaeological and Historical Perspective. World Archaeology 26 (3):319-347.
M. I. Steblin-Kamenskij 1975. Islendingesogene og vi. Oslo.
S. Steen 1931. Hauk Erlendsson. I: Norsk biografisk leksikon, b. 5. Oslo.
G. Steinsland 1991. Det hellige bryllup og og norrøn kongeideologi. Oslo.
F.-A. Stylegar 1998. Stavkirker og muntlig kultur. Fortidsminneforenings årbok 1998, 131-146.
F.-A. Stylegar 2000. Kvin og rikssamlingen. Kvinesdal historielags årsskrift 2000, 67-74.
F.-A. Stylegar 2002. Upplond. Agder historielags årsskrift 78.
P. Urbanczyk 2002. Ethnic aspects of the settlement of Iceland. I: B. E. Crawford (red.), Papa Stour and 1299. Commemorating the 700th anniversary of Shetland’s first document. Lerwick.
M. S. Vea 1999. Den fabelaktige Augvald og hans ætt. I: I. Fuglestvedt, T. Gansum og A. Opedal (red.), Et hus med mange rom. Vennebok til Bjørn Myhre på 60-årsdagen. AmS-Rapport 11B. Stavanger.
O. Vésteinsson 1998. Patterns of settlement in Iceland: A study in prehistory. Saga-Book of the Viking Society 25:1-29.
O. Vésteinsson 2000. The archaeology of landnám. I: Vikings: The North Atlantic Saga. Washington og London.
V. Ö. Vilhjálmsson 1996. Gård og kirke på Stöng i Þjórsárdalur. Reflektioner på den tidligste kirkeordning og kirkeret på Island. I: J. F. Krøger og H.-R. Naley (red.), Nordsjøen. Handel, religion og politikk. Stavanger.
C. P. Wormald 1982. Viking studies: Whence and whither? I. R. T. Farrell (red.), The Vikings. London.
Arkivert i:

1 kommentar:

性爱 sa...

I am totally nude come see me. Take a bit for all pics and movies to load.

Why do I do this I like to make men blow their jiz in their pants.

Visit me.激情