09 april 2008

Det førhistoriske anlegget på Todneset - horg, gravkammer eller ein kultplass for soldyrking?

Gjestepost av Knut Rage i samarbeid med Svein Ove Agdestein

På dette biletet er det teikna inn korleis solskinet finn vegen over Dallandsfjellet og dukkar opp i
skaret som er avmerka med ein pil, for så å skina direkte over på Todneset. Ved vintersolkverv 22. desember skin sola rett på staden, eit fenomen som også er registrert andre stader i Europa. Sola forsvinn frå heile Tysneset (garden og alt inkludert) for så etter om lag 20 minutt å koma att - men då for å lysa på berre gravhaugen (og sjølvsagt ei smal stripe bak denne).


Sommaren 2006 gjorde eg ei rundreise på Shetland og Orknøyene i lag med andre sogelagsfolk frå heile Hordaland. Føremålet med turen var å følgja i spora til dei norrøne menneska (og meir moderne nordmennene) som hadde fare i vesterveg før oss. Sentrale tema var såleis vikingar, norrøn mellomalder, den såkalla hjeltahandelen - dvs. det livlege handelssambandet mellom Sunnhordland og Shetland frå 1500-åra og fram på byrjinga av 1800-talet - og sjølvsagt også shetlandsfarten under krigen.

På reiseruta stod også fortidsminne frå førhistorisk tid - den eldgamle buplassen Jarlshof på
Shetland, og på Orknøyene den minst like gamle staden Skara Brae, dei imponerande steinstøttene på Brodgar og Stennes, og dessutan gravhaugen, eller rettare sagt gravkammeret, Maes Howe. No har rett nok korkje steinstøttene eller Maes Howe noko med den norrøne kulturen å gjera, anna enn at vikingane også hadde vore på dei kantar og skribla runer både her og der (dette kan ein lesa om i Orknøyasaga). Det kan jo forsåvidt vera interessant nok i seg sjølv, men runene vart straks gløymd til fordel for det fantastiske synet som møtte oss - først på Stennes og deretter den såkalla Ring of Brodgar, der det finst digre bautasteinar som er stilt opp etter eit finurleg geometrisk/astronomisk mønster.

I det same området finn me også Maes Howe, den mest fantastiske staden av dei alle. Guiden vår, ein ung arkeolog frå England, skildra på førehand Maes Howe som det mest interessante
fortidsminnet i Europa - ja, meinte han, det stod i verdsklasse på line med pyramidane i Egypt. Det vart difor ein aldri så liten nedtur då me fekk auge på noko som ikkje var anna enn ein grasgrodd haug i det flate, forblåste terrenget (det var jamrande kaldt og surt til ein augustdag å vera) med ein liten, oppmurt inngang som dei fleste med klaustrofobiske tendensar ville betakka seg for å krabba inn i.

Maes Howe på Orknøyene. Gjennom den låge inngangen skin sola 10 meter inn i haugen og treff bakveggen i gravkammeret kvart vintersolkverv. Om sola skin, då. (Foto: Knut Rage)

Men inn kom me. Alt som heitte klaustrofobi veik til sides for eventyrlyst. Etter ca. ti meter kunne me retta ryggen og reisa oss. Me var komne inn i eit stort kammer som lett romma 20-30 personar. Rommet var rundt, bygd opp av tusenvis av fint tilhogde steinar, med små kammer langs sidene. I tre tusen år hadde haugen lege urørt, fortalde guiden, bortsett frå ved eit høve då vikingar hadde trengt seg ned gjennom taket og heldt til der. Me kunne sjølv sjå runene dei hadde skribla alle stader, tydelege strekar som var rissa inn i steinane.

Kort sagt - det var ei overveldande stund. Eg kunne mest teke heile den lange turen berre for denne haugen si skuld. Men så fortalde den entusiastiske arkeologen ei endå merkelegare historie. Haugen er konstruert slik, sa han, at ein gong i året, i sjølve midtvintertida, skin dei siste strålene frå sola som synker bak den slake åsen i vest rett inn gjennom den ti meter lange inngangen og lyser opp bakveggen i kammeret. Kvifor nett då, og kvifor her? Me kan gjera oss mange tankar om det. Kanskje den døyande midtvintersola markerer livet som har døydd og er blitt lagt her? Kanskje det hadde med ei fruktbarheitsrite å gjera? Eller kanskje tenkte ein seg at dei siste strålene bar med seg sjelene til dei døde - eller vendte tilbake med dei? Ingen veit.

Arkeologen fortalde vidare. Men tankane mine hadde stoppa opp, eg høyrde ikkje etter lenger. Eg stod inne i djupet av denne sagnomsuste gravhaugen på vestkysten av Orknøyene og tenkte på ein annan stad - Todneset på Tysnes. For var det ikkje noko av det same der også? Ein gong i året har det seg nemleg slik at dersom det er sol, så kjem sola opp over Dallandsfjellet ei kort stund og skin over mot Todneset - men berre ein stad: rett på det underlege, vesle anlegget som vart avdekka av arkeologar i 1915. Det heile varer berre nokre få minutt idet sola kjem fram i Dallandsskaret etter å ha vore vekke omlag ein halvtime, for så å forsvinna for dagen.

Det kan ikkje skuldast eit tilfelle. Ein gong i førhistorisk tid, då anlegget vart bygd og var i bruk, har sola etter alt å døme hatt den same tydinga på Tysnes som den hadde for dei fjerne menneska som ein gong levde på Orknøyene, meir enn to tusen år før Kristus.

Horg, kultplass eller gravkammer?
La det vera sagt med ein einaste gong - eg vil ikkje kopla anlegget på Todneset på garden Tysnes ved innseglinga til Våge, der den gamle prestegarden låg i si tid, saman med Maes Howe på Orknøyene. Men tilhøvet til sola som ein sentral kraft kan ha vore det same, i ein kultur som kan ha vore meir soldyrkande enn me er klar over i dag. For det finst fleire slike stader - t.d. ein gravhaug på Newgrange i Irland, der me finn ein liknande konstruksjon som Maes Howe, med nøyaktig det same fenomenet med solstrålar som finn vegen inn gjennom opninga midtvinters. Også anlegget på Todneset kan ha hatt sin parallell, nemleg eit nærast identisk anlegg - "a small temple" - som vart funne ved Marwick Bay på Orknøyene, sjølv om undersøkingar eg har gjort i samband med denne artikkelen tyder på at det neppe stemmer.

Anlegget på Todneset vart som nemnd gravd ut i 1915. Nokre tekniske detaljar først:

Røysa ligg øvst på Todneset i dyrka mark, 25 m opp frå sjøen. Frå røysa skrår terrenget ned mot sjøen i sør-søraust og ei vik i nord-nordvest. Framfor røysa i vest finst ei flate som går over i knausar ved sjøen. Det er fritt utsyn over fjorden mot Våge i vest og mot Bjørnafjorden i nordvest. Røysa er 20 m i diameter og kring 1.5 m høg. Ho er heilt tilvakse med gras, men enkelte 20 - 40 cm store steinar/blokker stikk fram i dagen her og der. I sentrum av røysa er det eit stort søkk etter utgravingar (gjort av Eyvind de Lange i 1915 og Jacob Kvalvaag i 1965). I 1915 vart det funne ei hellekiste som målte 25 - 35 cm, 3 m frå nordre kant, utan dekkhelle. Kol og brende bein fanst på ei helle ein annan stad i røysa. Midt i røysa ligg i dag ei 2.7 m x 2.7 m vid oppmuring bygd av 50 – 75 cm store heller i to skift. I det søraustre hyrnet er ein mura pall, 1.5 m (nord-sør) x 1.2 m (aust-vest), som er lagt opp av 60 cm store heller. Det firkanta rommet var fylt av stein, og på golvet fanst svart jord med dyrebein, østersskjel og blåskjel.

Røysa er tydeleg og syner godt att i terrenget. Ved utgravinga i 1915 vart det funne ein kniv,
klinknaglar, jern, bryne, dyrebein og skjel. Haugen inneheldt inga grav, skriv de Lange i 1918, men viste seg å dekka over ruinane av ein liten bygning av stein og jord. Det indre målet på rommet var 2.10 x 2.10 m, og innvendig stod murane med ei høgd på opptil 65 cm. I det søraustre hyrnet av rommet var det murt ei forhøging.

Frå utgravinga av det førhistoriske anlegget på Todneset 1915. (Foto utlånt frå Lokalhistorisk biletsamling i Tysnes)

Så langt dei tekniske detaljane. Staden vart relativt raskt teken for å vera eit "horg". Dvs. eit mindre gudshus, gjerne før dei større hova byrja å koma i bruk. Horga var ofte vigde til guden Njord. Dette er viktig å ha i mente. For oppfatninga av at anlegget var eit horg heng for ein stor del saman med overtydinga om at Tysnes, "det gamle Njardarlog", i tidlege tider var eit sentrum for hordane, harudane, si dyrking av gudane Njord og Tyr. Dette var ein sentral tanke for dei første forskarane, slik den var det for Johannes Heggland, som i 1965 skreiv første bandet i Tysnes-soga - Tysnes - det gamle Njardarlog.

Såleis tok ein utgangspunkt i steinen som er reist midt i tufta. Ein såg på denne som eit altar. I
steinen finst det kalkapat-årar, og Heggland nemner at det skulle tyda på at steinen er ført frå ei av øyene ute i fjorden.

Det er denne steinen som var det fysiske provet for at ein her kunne ha føre seg ein heilag stad, eit horg. Og ser me litt på samanhengen, meiner Heggland, vil me finna at Njord (saman med Tyr?) stundom vart dyrka ved heilage, kvite steinar. "Desse heilage steinane gjeld offerstaden og offeraltaret. Somme stader har dei endå funne restar av ein bortrotna trestokk i desse altarmurane. Etter danske funn skulle det tyda på at altra har hatt sine gudebilete utskorne i tre. Men tre var eit slag som minst stod seg mot tida, difor har det ikkje kome fram slike funn hos oss," skriv Heggland vidare. "Likesom gudebileta vart reiste under open himmel vart altarsteinane det same. I jarnalderen fram til kristen tid er det likt til at desse steinheilagdomane har hatt ymse former. Det kunne vera ein einskild stor stein der dei trudde guddomen budde, eller ein stor offerstein i ein krins av andre steinar, eller eit mura steinaltar. Det er truleg dei to sistnemnde slag som i gammalnorsk går under namnet horgr, eit ord som i nynorsk og i nysvensk folkemål tyder ein bergskolt eller ein steinhaug. I so fall er det rimeleg å tru at heilagdomen på Todneset har vore ein offerstad, vigd til Njord eller Tyr — eller båe."

Ein meir presis definisjon av kva eit horg er kan kanskje vera på sin pass. Eit horg er ganske enkelt ei mindre utgåve av eit hov. Horget høyrde garden til, det var til "privat bruk", medan hovet tente heile lokalsamfunnet. I dei aller tidlegaste tider kan horget berre ha vore ein stor stein el.l. under open himmel. Det var gjerne dei eldre kvinnene på garden som stod for utføringene av ritene, vert det hevda - men det er slikt ein trur og veit lite om.

Her ser ein tydeleg "altaret" som kom fram under utgravinga.
(Foto utlånt frå Lokalhistorisk biletsamling i Tysnes)

Det store prosjektet for Heggland og dei forskarane han har støtta seg til, i første rekkje filologen Magnus Olsen (1878 - 1963) som i all si verksemd la vekt på det mytologiske og religiøse opphavet til mange av stadnamna i Noreg, var å godtgjera at Tysnes i si tid hadde vore ein sentral stad for heiden gudedyrking. På Tysnes, fortel historiebøkene, fanst det i førhistorisk tid eit sentrum for gudedyrkinga i området - ja ikkje berre det, fortel soga, sjølve det gamle namnet for Tysnes, Njardarlog, tyder at det var guden Njord sitt lovområde. Dette kjem også fram gjennom alle dei heilage stadene på øya. Her finst også eit heilagt vatn, Vevatnet - forstavinga ve- tyder nemleg "heilag", fortel sogebøkene. Og såleis har heile øya i alle år gått under namnet "gudeøya Tysnes" og har vore ein viktig lekk i det lokale sjølvbiletet. Synet på Tysnes som ein fast etablert "gudeøy", eit heilagt område, guden Njord sitt eige område, Njords lovområde, har såleis vorte nærast spikra fast som ei ugjendriveleg sanning.

Men kor har ein dette frå? Ikkje frå arkeologien. Ikkje frå historikarane. Me må faktisk tilbake til Magnus Olsen og stadnamntydingane hans - og endå lenger tilbake, til den nasjonalromantiske historikaren P.A. Munch, som døydde i 1863. Er historieoppfatninga vår rett og slett såleis basert på ei nasjonalromantisk mytedanning? Ein av dei som meinte det er språkgranskaren Eivind Vågslid (1897-1986). Njardarlog, skriv Vågslid, har ikkje noko med guden Njord sitt lovområde å gjera, men tyder ganske enkelt "tronge farvatn". Slik tek han føre seg alle dei "heilage" stadnamna på Tysnes og avmytologiserer dei. Vågslid sitt arbeid er ikkje mindre enn ei total omdefinering av den nasjonalromantiske mytedanninga som har funne stad gjennom stadnamnforskinga. Hos Vågslid har det ikkje med gudar å gjera, men med naturlege tilhøve i naturen. Her tyder t.d. ikkje nemninga "tor" guden Tor, men torden. osv. Etter Vågslid sitt syn har det altså ikkje vore noko spesielt meir heilagt på Tysnes enn andre stader. I så fall sparkar det vekk fundamentet under påstanden om at "horget" på Todneset er eit prov for "Njardarlog som ein samlingsstad gjennom tidene".

Det er i lys av denne diskusjonen me må sjå på anlegget på Todneset. Å kalla staden for eit horg er ein lekk i det store prosjektet som ein kan kalla "Tysnes, gudenes øy"-sjølvbiletet - eit prosjekt som omfattar ei rekkje "heilage" stader over heile øya (Vevatnet, Helgasteinen osv.) og der "horget" på Todneset inngår som ein del av ein større kulturell-religiøs heilskap.
Det kan vera at det er rett å sjå slik på anlegget. Men det kan også henda at det er på høg tid at me sluttar å kalla det eit horg. Som arkeologen vår på Orknøyene sa: - Mennesket har ein enorm trong til forklaringar. Og når ein står der utan forklaringar, er det lett å ty til teoriar om riter og gudedyrking osv. Kanskje sanninga var atskilleg meir prosaisk.

Diskusjonen kring anlegget
Eg har sett nærare på forskinga og den faglege diskusjonen kring anlegget. Det er ein diskusjon som strekkjer seg over mest heile 1900-talet, frå dei første konklusjonane ca. 1916, via 30-talet og 60-talet - og som enno ikkje er fullført. Etter ferda til Orknøyene og Shetland gjekk ei enkel sanning opp for meg. Me må ikkje sjå på Noreg si soge som isolert til Noreg. I førhistorisk tid - som no - går kulturelle og religiøse impulsar på tvers av landegrensene. At det såleis kanskje kunne finnast ein tydeleg likskap mellom anlegget på Todneset og eit anlegg på Orknøyene er såleis ikkje det minste forbausande.

Haugen vart altså gravd ut i 1915 under leiing av Eivind de Lange. Han vert rekna som ein solid forskar, sjølv om han, som konservator Per Fett seinare skreiv, "arbeidet under andre krav enn vi". I Bergen opererte han rett nok som amatør, opplyser Fett vidare, men vart seinare direktør for Stavanger Museum. Utgravinga var relativt omfattande. de Lange opna haugen med ein sjakt i austvest, og gravde til botnar hovudsakleg mellom murane og rundt "alteret". Den sørlege murfasaden er i følgje rapporten hans vorte fjerna ved ei misforståing, men det skal altså ha eksistert ein slik. Murfasadene er framleis tydeleg beine og rettvinkla, om me tek omsyn til den utsiginga ein må rekna med. Utanfor muren på vestsida fann han urørt haugfyll, dvs. stein og matjord - for det meste skifrig stein utan nokon synleg orden, og lys, guleg forvitringsgrus. Nokon ytterfasade av muren kan ein trygt sjå vekk frå her. Heile konstruksjonen ved vestmuren gjev det inntrykket at muren må ha vore lagt opp samstundes med haugfyllen som støtte for denne inn mot det vesle "kammeret". I rapporten frå ettergravinga i 1965 skriv Jakob Kvalvaag at han ikkje lukkast i å finna det svarte kulturgrunnlaget som de Lange omtalar.

Det vart relativt tidleg slått fast at ein måtte ha med eit horg å gjera. Rett nok later det til at de
Lange sjølv unngjekk å nytta dette omgrepet, sjølv om den danske museumsinspektør Olaf Olsen i eit brev til Per Fett frå 1965 skriv om "Langes hørg" og "den Langeske-Sheteligske hørg-teori". Allereie i Bergen Museum si "Beretning 1915-1916" vert det slege fast at "cand. Eyvind de Lange har fortsat sin antikvarisk-topografiske undersøkelse av Tysnesøen i Søndhordland og har derunder utgravet en haug ved Tysnes kirke, hvor det fremkom meget eiendommelige fund som tyder paa en hedensk offerplass". Horg-omgrepet har såleis følgd anlegget frå første stund.

Det var som antyda fleire enn de Lange og professor Haakon Shetelig (1877 - 1955) som støtta opp under horg-teorien. Ein av de ivrigaste talsmennene for dette var Magnus Olsen. Han var rett nok korkje arkeolog eller historikar, men filolog. Han var professor i gammalnorsk og islandsk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo 1908-48. Olsen arbeidde særleg med runer, stadnamn og religionshistorie. For mange var han ein leiande autoritet. Som tidlegare nemnd vart stadnamn over heile landet frå P.A. Munch si tid sett inn i ei nasjonalromantisk samanheng. Dette var ei oppfatning som vart teke opp av stadnamngranskarane etter han, ikkje minst av Magnus Olsen som har vorte ståande som eit sanningsvitne på området. Olsen hevda at det fanst minst seks hundre stader i landet som hadde fått namn etter dei gamle gudane. Den radikale språkforskaren Eivind Vågslid er ikkje nådig i omtala av denne tankegangen, av "den vranglæra, den ovtru og den skynløysa som i stor mun hev rått i norderlendsk stadnamngransking, den vranglæra som vart grunnlagd av P.A. Munch, den ovtru som serleg vart nørd med det ville og røyndlause tankespinnet åt Magnus Olsen."

For Tysnes sin del har Magnus Olsen sine stadnamntolkingar hatt stor tyding. Ein kan - om enn sett på spissen - gjerne seia det slik at heile det omfattande prosjektet "gudeøya Tysnes" er tufta på arbeidet hans. Ingen i hans samtid ville finna på å setja spørsmålsteikn ved konklusjonane Olsen kom med. Også spørsmålet om anlegget på Todneset kunne vera eit horg eller ikkje vart tufta på Olsen sine konklusjonar. I 1935 skriv såleis professor Shetelig i eit brev til ein britisk amatørarkeolog, Joseph Storer Clouston: "Magnus Olsen has interpreted this building as a "horg", a small temple that was erected for private worship." Arkeologen Haakon Shetelig vart i 1901 konservator ved Bergens Museum, professor frå 1915. Det verkar noko underleg at ein kapasitet som professor Shetelig viser til Magnus Olsen i dette spørsmålet og unnlet å ha noko meining sjølv.

Forfattaren og amatørarkeologen Joseph Storer Clouston si skisse frå utgravinga ved Marwick Bay midt på 30-talet.

Eit fysisk prov som kan tala for horg-teorien er sjølvsagt steinen som er reist midt i tufta.
Argumentasjonen for dette er nemnd over. Også Shetelig nemner dette i brevet til Clouston: "The interior was a square space 2 x 3 m with a raised stone altar in the corner, on the eastern wall."

Utgravinga vekte ei viss oppsikt og vart eit ynda turmål for gjestene ved det den gongen fasjonable Godøysund turisthotell. Eit fotografi av anlegget vart også publisert i "Det Norske Folks Liv og Historie Gjennem Tidene" i 1930. Nokre år seinare kom det ei viss rørsle i spørsmålet då Magnus Olsen fekk eit lengre brev hausten 1935 frå den før nemnde Storer Clouston, som fortalde at han same sommaren hadde gjort nokre utgravingar ved ein gammal kyrkjestad, ei norrøn "rundkyrkje", i området ved Marwick Bay på Orknøyene. Under kyrkja fann han eit eldre anlegg som han omtalar som "a temple". Han la ved ei skisse av anlegget og skriv at han skulle ønskja at dei hadde med seg ein ekspert på norrøn kultur, noko som vel forklarar kvifor han skreiv til Olsen. Joseph Storer Clouston (1870 - 1944) var eigentleg romanforfattar med ein stor produksjon bak seg, i tillegg til filmmanus som han skreiv for Hollywood. Han var med på å stifta Orkney Antiquarian Society. Den dag i dag vert han rekna som ein betydeleg amatørarkeolog som kunne sine ting, så det er ingen grunn til å neglisjera observasjonane hans.

Skrivet vart oversendt Shetelig, som ut frå brevet til Clouston meiner å slå fast at utgravingane tyder på at dei har kome over fleire tidsperiodar - og at han ser ein klar parallell mellom anlegget i Marwick Bay og "a small building erected of dry stones which was excavated at Tysnes south of Bergen". Clouster stiller seg nokså skeptisk til dette i eit svarbrev kort tid etter (des. 1935). Han syner til at det i førhistorisk tid ikkje har vore tradisjon for hov på Orknøyene, men at det sjølvsagt kan vera teoretisk mogleg at dei første (norrøne) innvandrarane på Orknøyene tok horg-kulturen med seg. Men sidan det var bygd ei kyrkje oppå anlegget, så kanskje det likevel var på "heilag grunn"?

Dermed renn prosjektet ut i sanden. At det finst likskap mellom anlegget på Todneset og anlegget ved Marwick Bay kan diskuterast, i alle fall om ein skal kalla det eit horg. I svaret frå Shetelig vert det lagt stor vekt på at det også på Todneset er "heilag grunn". Nok ein gong vert det vist til språkforskinga, til stadnamngranskinga til Magnus Olsen. Shetelig peikar såleis på at namnet på lokaliteten der ein finn anlegget - Todneset - skal tyda det same som namnet på guden Ty, og at heile øya, "det gamle Njardarlog", var vigd til Njord osv. Han viser såleis til alle dei andre heilage stadene på øya: Hovland (altså ein stad der ein meiner det har stått eit hov), Godøy ("gudeøya"), Vevatnet (ve = heilag) osv. Eit anna poeng er at det frå mellomalderen og fram til 1905 stod ei kyrkje på staden (like i nærleiken). Andre nemner også at det kan ha vore eit hov i nærleiken.

Det ser elles ut som me ikkje skal leggja for mykje i dette sporet, men snarare sjå på det som eit sidespor, eller i verste fall ei avsporing. Ei etterrøking hausten 2006 syner nemleg at det ikkje finst registrert noko som helst om dette "tempelet" nokon stad. Eg har gått gjennom alt som finst av tilgjengelege databasar, og ved hjelp av ein særs imøtekomande bibliotekar på The Orkney Library & Archives i Kirkwall er arkiva der tråla. Det finst nokre dokument som omhandlar Storer Clouston si utgraving, men dei fortel ikkje anna enn om ruinane av ei kyrkje, "a chapel", av ukjend opphav. Staden har vore undersøkt fleire gongar, i 1946, 1962, 1967 og seinast i 1985. Det ser ut for at det kan vera snakk om ein struktur frå keltisk og norrøn tidsepoke, men neppe noko som bringer tankane over til anlegget på Todneset. Det treng ikkje tyda at det ikkje kan ha vore eit "tempel" der, som Storer Clouston antyda i brevet til Magnus Olsen i 1935, men det vart i alle høve ikkje offisielt registrert og finst etter alt å døme ikkje i dokumenta i dag.

Dermed stilna diskusjonen av fram til 1964. Då skreiv den danske museumsinspektør Olaf Olsen til sin gode kjenning førstekonservator Per Fett ved Bergen Museum og bad om nærare opplysningar om "en formodet hørg i Tysnes" til ei avhandling om heidenske kultplassar i vikingtida som han arbeidde med på denne tida. I svarbrevet frå Fett går det tydeleg fram at han er meir enn skeptisk til horg-teorien. "Men en kultplass må det da være, hva ellers? Men kaller en det for horg, sier en vel mer enn en kan stå ved. Jeg bare minner om det du vet at ordet etymologisk skal bety steinrøys (sml. "hele hurven" = "hele haugen" = alle sammen), men Voluspå taler om at gudene tømret horg og hov. Men så kom altså denne kultplassen på Tysnes frem i en røys."

Også Olsen er skeptisk. Ja, han spekulerer faktisk på om ikkje heile greia rett og slett kan visa seg å vera fundamentet for sokneprest Christie si berømmelege vindmølle som vart reist omlag på same staden på 1700-talet! Men det er det ikkje, forsikrar Fett han om. Kan ein då tenkja seg den tanken, spør Olsen vidare, at tomta er frå eit anlegg for likbrenning eller liknande? For, seier han: "Vanskeligheden er dels, at jeg ikke kender planen, dels at jeg ikke riktig kender noget at sammenligne fundet med." Kvifor er ein så sikker på at det dreier seg om eit hus? Spør han."Hoppede man ned i det fra oven, når man skulle ofre til de gamle guder - eller hvordan!?" Olsen peikar på at golvplassen er minimal. Kvifor ikkje heller eit gravkammer? konkluderer han med.

Eit problem er at eit gravkammer, eller ei grav, av denne storleiken er ukjend på desse kantar. På den andre sida peikar Fett på at lokaliseringa på toppen av ein knaus er ein typisk stad for ei gravrøys. Derimot "underleg" for ein kultplass. "Men så har vi bare subjektivt skjønn å holde oss til når vi skal dømme om et kultsted er underlig eller ikke."

Der stoppa diskusjonen. Ettergravinga i 1965 førte ikkje til noko nytt resultat. Olsen konkluderer med at det dreier seg om eit kammer:

”Må jeg sige dig ret så hjertelig tak for dit brev af 19.ds. med Jakob Kvalvaags indberetning om eftergravningen på de Langes "hørg" i Tysnes. Jeg har naturligvis lest den med overordentlig stor interesse. Især var det vigtigt for mig at erfare, at "hele konstruktionen ved vest-muren gav det indtryk, at muren måtte være lagt op samtidig med højfylden som støtte for denne ind mod det lille "kammer". Dette forhold - som jo kunne anes på et af de Langes fotografier - gør det klart, at "kammeret" virkelig er et kammer og ikke har en fortid som selvstændigt hus, og hermed skulle den de Langeske-Sheteligske hørg-teori være langet et afgørende stød. Lige i øjet, som det hedder på københavnsk gadesprog.”

Bautasteinen på Todneset, slik den står i dag. (Foto: Knut Rage)

Eit siste moment: Finn me likevel hjelp i språkforskinga, dvs. stadnamngranskinga? Nokre har peikt på at Todneset, der anlegget ligg, kjem av norrønt "tjod", dvs. folk, eller rettare ein samlingsstad (for folk). Ei vel så rimeleg forklaring er den som O. Rygh peikar på, nemleg at viss me samanliknar Tod- med Tot- (som t.d. i Totland) så står eit namn som Totland for "Tor sitt land" - det kan vera eit mannsnamn eller guden Tor. Eivind Vågslid har ei anna tolking. Han skriv (i "Norderlendske fyrenamn") at ordet "toddi" på gno. tyder "eit lite stykke".

Dermed kan me trekkja den konklusjonen at me tilsynelatande ingenting veit om opphavet til namnet Todneset. For eigen del kan eg føya til at det verkar noko anakronistisk å leggja norrøne tolkingar til grunn dersom føremålet er å vita kva som gjekk føre seg her i jarnalderen eller endå lengre tilbake. Todneset, som det vert sagt peikar attende til guden Tyr, er eit anna spor. Men det er særs usikre moment. For det første er anlegget frå lenge før norrøn tid, og for det andre peikar språkgranskaren Eivind Vågslid på at gudenamnet Ty aldri har vore nytta i stadnamn. Dermed er ein like langt på dette feltet. Eit anna interessant moment er at det finst fleire stader på Færøyene som heiter Todnes, og det går også att i England (Devon) der ein finn både Totnes og Totland som opplagde far frå norrøn tid. På Færøyene er det tre stader som heiter Todnes. Her har stadnamngranskarane tolka leddet "tod" som "torv", altså Torvneset. Sjølv om det er mogleg at busettinga på Færøyene kan gå lengre attende er det ikkje gjort funn her før vikingtid. Det tyder at namnet Todnes opplagt er norrønt, og at det kan ha vore eit relativt vanleg stadnamn i den norrøn kulturen.

Ingen av desse stadene, korkje på Færøyene eller i England, er det så langt eg veit gjort fortidsfunn av den typen som me snakkar om her, poenget er snarare at desse stadene vitnar om at dei alle har vore del av ein sams kultur - det norrøne kulturområdet. Dermed kan me kanskje halda ein knapp på at ordet tod-/tot- står for toddi, ein teig, eit lite landstykke?

Kva med bautasteinen som står like i nærleiken? Neumann (1826) og Kraft (1830) seier at steinen var seks alen lang, dvs. ca. tre meter. Breton (1835) veit å fortelja at lengda var "nine feet", og at steinen stod midt i ein stor steinring. Dette med steinringen er ein interessant opplysing. På Jylland i Danmark finst det ein steinring som er tolka som at den har markeringar for sikte til soloppgang ved jamndøger og vintersolkverv. Seinare hamna steinen nede i fjæra nedanfor den gamle prestegarden på Tysnes. Det var først i 1991 at steinen vart henta opp frå sjøen og plassert der den står i dag (av tekn. konservator Svein Ove Agdestein ved Bergen Museum). Bautasteinen vert rekna til jarnalderen og er såleis av nyare dato enn anlegget som er omhandla i denne artikkelen. Eller kan heile staden, med steinanlegget og bautasteinen, ha vore ein kultplass gjennom lange tider, eller i det minste ein gravplass - og at dette speglar seg av i namnet Todneset - samlingsstaden? Spørsmåla er atskilleg fleire enn det finst svar.

Ein stad for soldyrking?
Tinghogjen eller Karnilshogjen på garden Hauge i Gloppen er sannsynlegvis den største haugen på Vestlandet som er bygd av menneske. Den er heile 50 meter i tverrmål og 7 meter høg. Haugen ruvar godt i terrenget der den ligg med utsyn over heile Gloppefjorden.

Tinghogjen er ikkje utgreven, men arkeologar har gjort elektroniske målingar for å finne ut om haugen skjuler noko. Ved hjelp av observasjonar gjort av lokale folk er det sannsynleggjort at Tinghogjen er eit astronomisk merke. Sola skin på haugen gjennom Fitjeskaret ved vintersolkverv når resten av bygda er utan sol, og den er det siste punktet som har sol om kvelden midtvinters. Dvs. skråningen nedanfor haugen ligg i skugge, medan rett ovanfor, frå foten av haugen, lyser den mektige haugen i solskinet omlag 8-10 minutt på slutten av dagen. Ved sommarsolkverv skjer det same. Haugen er då det siste punktet sola slipp, ca. kl. 21.34. Då kan ein stå øvst på haugen bada i sol, medan alt rundt ligg i skugge.

Namnet "Tinghaugen" seier jo sitt om kva slags funksjon haugen kan ha hatt i eldre jarnalder. Men eigentleg veit me lite. Ein ting er sikkert - haugen har vore knytt til solkverv både vinter og sommar og må ha hatt ei viktig tyding. Det har vore rekna ut at det har vore nytta 17 500 dagsverk på å bygga haugen, dvs. at det har vore ca. 90 mann om å reisa haugen i løpet av eitt år. Ei georadarundersøking viser at det kan vera ein konstruksjon sentralt i haugen.

Dette biletet er teke sist det var sol 22. desember - 2001. Her ser ein tydeleg korleis solstrålene treff haugen på Todneset. Det heile varer berre nokre få minutt. (Foto: Svein Ove Agdestein)

Det er få stader i landet der ein kjenner eit slikt solfenomen. I prinsippet er det liten skilnad på
haugen i Gloppen og konstruksjonen på Todneset. Sant nok er anlegget her mykje mindre, men plasseringa og fenomenet med at sola skin rett på staden ved vintersolkverv er den same. Kor mange slike stader som finst kringom i Noreg er det vel ingen som veit. Det har med å gjera at dette dreier seg om eit fenomen som har vore lite påakta mellom historikarar og arkeologar. I dei seinare åra har arkeoastronomi utvikla seg til ei omfattande og anerkjend vitskapsgrein. Men ein slik tankegang var ukjend for det fagmiljøet som i si tid granska t.d. anlegget på Todneset, og vil vel også i dag få dei fleste til å trekkja på skuldra. Det var først for nokre få år sidan at tekn. konservator ved Bergen Museum, Svein Ove Agdestein, ved eit slumpetreff kom til å observera det spesielle solfenomenet eit par dagar før jul, då han la merke til at ettermiddagssola som dukka opp bak Dallandsfjellet i vest, ein liten kilometer unna, skein direkte på staden der anlegget ligg og ingen andre stader. Sola forsvinn frå heile Tysneset (garden og alt inkludert) for så etter om lag 20 minutt å koma att - men då for å lysa på berre gravhaugen (og sjølvsagt ei smal stripe bak denne).

Det skulle vore interessant med ei større registrering av solfenomen og astronomiske posisjonar på fortidsminne i Noreg. Men enn så lenge kan me trygt slå fast at anlegget på Todneset og haugen i Gloppen er særs spesielle i norsk samanheng. Går me derimot ut over landets grenser finn me ei rekkje slike anlegg der det er tydeleg at solkverv og andre astronomiske posisjonar har spelt ei avgjerande rolle for plasseringa i landskapet. Som nemnd finn me dette fenomenet på Stennes og Ring of Brodgar, på Mainland, Orknøyene, i det same området som Maes Howe og med Skara Brae lenger oppe langs kysten, som opplagt har vorte konstruert med siktemål på astronomiske fenomen, eller astronomiske observasjonar. Kva med anlegget som Joseph Storer Clouston avdekka ved Marwick Bay, nokre mil unna? Det veit me ikkje. Måten å plassera slike anlegg på etter himmelobservasjonar må i alle høve ha vore kjend.

Arkeoastronomi er ein interessant disiplin. Det har lenge vore ein tanke at folk i oldtida/steinalderen har hatt astronomiske teknikkar og observasjonsstader lenge før det fantest skriftlege nedteikningar. Allereie på 1700-talet vart vitskapsfolk merksamme på at nokre oldtidsanlegg var orientert etter dei posisjonane i horisonten kor sola går opp eller ned ved solkverv. Men det var først på 1960-talet, med amerikanaren Gerald Hawkins og engelskmannen Alexander Thom, at det vart utvikla til noko nær ei eiga grein av arkeologien. Dei meinte at mange arkeologiske monument har fungert som ein slags observatoriar. Det mest kjende av desse anlegga er Stonehenge i England. Også ringen av steinar på Brodgar på Orknøyene er typisk i så måte. Med åra har arkeoastronomien utvikla seg til eit ganske stort og anerkjend forskingsområde. Det må likevel strekast under at det berre er ein hypotese at det finst vitnesbyrd om anlegg for førhistorisk astronomi som har vore nytta til kultiske
og andre formål i Norden.

Me må mest gå ut frå at det var slike føremål som låg til grunn for plasseringa av anlegget på
Todneset. Ein må ikkje gløyma at også denne staden var del av eit større kulturområde som strekte seg over heile Nord-Europa - ja, resten av Europa og den kjende verda med, for den saka si skuld. Ein må ikkje sjå på anlegget som isolert. Det verkar altfor opplagt til at sola skin nett på denne staden åleine ved vintersolkverv til at det skulle skuldast eit reint tilfelle.

Det er ganske truleg at steinaldermennesket må ha kjent stjernehimmelen godt. Dei hadde lite anna å sjå på i dei lange vinternettene. Observasjonar av sola og månen var den einaste mogleiken dei hadde for å regulera kalendaren og dei religiøse festene som fann stad i løpet av året. Det er såleis liten tvil om at solkverva må ha vore viktige kultiske dagar.

At sola vart "dyrka" i bronsealderen verkar nokså klårt, jfr. t.d. den kjende solvogna frå Trundholm i Danmark og dei mange helleristingane med solteikn. Også frå norrøn tid kjenner me soger frå mytologien som fortel om diverse fenomen som byggjer på observasjon av himmelen. Me finn mykje av dette att i eldre klassisk litteratur. Cæsar skriv i boka "Gallerkrigen" om at germanerane dyrka sol, eld og måne. Og på 500-talet fortel den greske historikaren Prokopios om ein stamme langt nord i Thule som var livredde for at sola ikkje skulle snu ved vintersolkverv. Dei sendte difor ei utsending opp på fjellet som skulle observera at sola snudde. Når sendebodet kom attende med dei gode nyhenda vart det skipa til ein stor fest i mørkret.

Adam av Bremen (død 1076) fortel at i Uppsala vert det heldt ein stor fest kvart niande år. Det same går att i Danmark, der det heiter i biskop Thietmar av Merseburg sin krønike (død 1018) at det vert feira store offerfester i Lejre kvart niande år. Og ni år er nett den tida det tek frå månen har det største til det minste utsvinget i oppgangspunktet (9 år = ½ sarosperiode. Sol- og måneformørkingar vert teke oppatt med eit mellomrom på 18.03 år, som er den såkalla sarosperioden).

I Danmark finst det fleire steinanlegg som kan tolkast som astronomiske sikteliner til soloppgang ved sommar- og vintersolkverv. Også posisjonen til stjerna Sirius kan ha vore observert på same måte. Det kan ha vore observatorier i form av "stjernestein" med holer eller utskjeringar (rillestein), slik at ein kunne følgja sola og visse stjerner i kulminasjonane deira. I Harreskovene ved Furesøen finst eit arrangement av stein som kan ha vore nytta som eit måneobservatorium. I følgje hypotesen skal slike stjernesteinar og steinsetningar til astronomisk bruk hatt ei kultisk tyding.

Alt dette tyder at ein i eldgammal tid, i alle høve frå bronsealderen, må ha hatt ein inngåande
kjennskap til praktisk astronomi, og at det såleis i Noreg, som i resten av Norden og Europa (og elles i verda) finst fornminne, nærare bestemt kultanlegg som kan ha vore konstruert og plassert på ein slik måte at dei har ei tilknyting til solkverva.

Det kunne vore interessant med ei omfattande kartlegging av fortidsminne av denne typen i Noreg med tanke på ei arkeoastronomisk tilnærming (eg minner om at det finst ei rekkje spanande fortidsminnesmerke - då i første omgong bautasteinar - berre på Tysnes, der ein kunne gjort slike undersøkingar), men eit slikt prosjekt kjem nok til å la venta på seg. Inntil vidare er det berre å slå fast at anlegget på Todneset føyer seg inn i rekkja av liknande stader over heile Europa der sola si snunad ved vintersolkverv synest å ha vore eit overordna poeng. Ein kan framleis observera fenomenet, men det er som kjent ikkje kvart år sola skin 22. desember.

Tilvisingar
Det er nytta ei rekkje ulike kjelder til denne artikkelen. Men eg skuldar først og fremst ein stor takk til tekn. konservator Svein Ove Agdestein for råd og informasjon og praktisk hjelp. Det sistnemnde har eg også fått frå Arild Hauge, Århus og Sarah McLean, Kirkwall. Artiklar henta frå Wikipedia har danna grunnlaget for opplysningar om arkeoastronomi.

Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog 1964
O. Rygh: Norske Gaardnavne (opphavl. frå 1897, elektronisk versjon)
Eivind Vågslid: Stadnamntolking II (1974) og Norderlendske fyrenamn (1988)
Arild Hauge: Arild Hauges runer www.arild-hauge.com
Historical Monuments of Scotland Commision 1929
Herm M. Schirmer: Horg og hov, 1906
Per Fett: Tysnes prestegjeld i serien Førhistoriske minne i Sunnhordland, 1954
Bergen Museum Beretning 1915-1916
Kvalvaag rapport om ettergraving sept 1965 (Bergen Museum)
Rapport om bautasteinen på Todneset 1991 (Bergen Museum)
Samling av brev vedk. anlegget på Todneset (Bergen Museum):
Storer Clouston 11/11 1935
Svar frå prof Magnus Olsen 26/11 1935
Storer Clouston til prof Shetelig 1/12 1935
Shetelig til Clouston 13/12 1935
Frå Shetelig (?) til Clouston 24/1 1936
Museumsinspektør Olaf Olsen til Per Fett 2/10 1964
Fett til Olsen 9/10 1964
Olsen til Fett 18/10 1965
Fett til Olsen 27/10 1964
Olsen til Fett 31/10 1964
Fett til Olsen 4/11 1964
Olsen til Fett 13/11 1964
Fett til Olsen 19/11 1965
Olsen til Fett 27/11 1965

1 kommentar:

Svein Berge sa...

Det er med den største interesse jeg mottar og leser dine artikler ”Arkeologi i nord”. Just nå kom en ”gjesteteskribent” med et interessant innlegg. Han skriver om fenomenene solens stråler ved høstjevndøgn. Han nevner også at dette fenomenet er kjent flere steder i Europa. Det er da jeg tillater meg å fortelle om aztekerne på Yucatan, og en av deres mange pyramider.
Pyramideanlegget Dzibilchaltun, beliggende på nordsiden av Yucatan, Mexico. (Anlegger dekker et område på ca. 40,000 m2 og har trolig på sitt meste huset omkring 20.000 innbyggere. Det er fremdeles store områder som ikke er utgravd. Den mest berømte strukturen i denne ”byen” er templet kalt ”The Seven Dolls”, slik benevnt grunnet 7 små dukkefigurer som ble funnet på sidene av templet, under ruinene fra et senere tempelpyramide, da tempelet ble oppdaget og utgrav av arkeologer i 1950 årene. Templet er situert med 4 vinduer, et i hver himmelretning.

Under vår og høstjevndøgn, og kun på de her to dagene, når solen står opp ved 06 tien, skinner denne direkte gjennom et “vindu” og ut et annet i templet. Denne solstrålen treffer en stor bautastein, som så kaster en lang, lang skygge bortover den brede ”promenaden” og i sin tur til sist treffer en annen pyramide. Denne seansen blir bivånet hvert eneste år av opptil tusen mennesker. (undertegnede har selv bivånet dette). Første gang jeg besøkte Dzibilchaltun var i 2000. Aztekerne hadde ikke tatt høye for skuddår, eller tusenårsskifte, og vi i likhet med hundrevis av andre mennesker, kom en dag for sent til å oppleve selve fenomenet med solstrålene. Men sener har jeg sett dette Ganske fantastisk!