'The time has come,' the Walrus said,
'To talk of many things:
Of shoes — and ships — and sealing-wax —
Of cabbages — and kings —
And why the sea is boiling hot —
And whether pigs have wings.'
Lewis Carroll: The Walrus and the Carpenter

16 februar 2006

Sigurdsheller og Sigurdsgåva

Under fjellsida nær austbredda av Øyarvatn i Suleskarheia i Sirdal er det ein tolleg stor og tørr heller som frå gamalt heiter Sigurdsheller. Frå uminnelege tider har sulskardingane halde seg mellombels i helleren når dei hadde arbeid i heia, anten det nå var fiske i vatnet eller veiding i heia.

Det seiest vere gamalt reintrekk mellom helleren og vatnet. Då kunne veidarane liggje i eller ved heller og få inn gode skot, sjølv i gamle dagar då dei laut lita på bogen og pila.
Ei segn om korleis helleren fekk namnet sitt, har halde seg i dalen til våre dagar. Segna lyder slik:

”I mykje gamal tid var det ein fredlaus stormann som heldt seg i helleren ein sommar. Sidan fekk helleren namn etter han. Han heitte Sigurd og skulle høyre heime ein stad på Nordlandet og sagdest vere son av ein jarl. Han var ein ungdom, bar vene klede og åtte mange gilde våpen. Med honom var ein tenar, ein eldre mann med svært skjegg. Ein veit ikkje kva han heitte, men han og var godt kledd og var velvæpna.

I det tider var det ufred innanlands. Sigurd hadde mist mange av skyldfolket sitt og kjende seg nå fredlaus. Han sjølv heldt seg heltst i ro i og ved helleren og fiska mykje i vatnet. Men tenaren hans var ofte ute på speiding, både vest til Lyse og aust til Setesdal.

Sigurd og tenaren kom i den tida folket slo på stølane og reiste då det hausta. Ein veit ikkje kvar dei akta seg, men Fidjelandsmannen og son hans fylgde dei over fjellet så langt at dei såg bygd i Bykle.

Dei skildest som gode vener. Som venegåve gav Sigurd dei eit vent og sers godt bjønnespjut og sa det kunne høva slik at han kom att.

Segna seier ikkje meir om Sigurd, truleg kom han aldri meir på dei kantane av landet. Men spjutet fekk namnet Sigurdsgåva og fylgde folket på Fidjeland ei tid. Sidar kom det på ein eller annan måte over til Liland, og der fylgde det ættene – mann etter mann – og segna fylgde med spjutet.

Det fylgde lukke med spjutet. Det heitte at den som var våpenet alltid kom frå ei ote med livet. Det heitte og at mange bjørnar var drepne med det.”

Granskaren Ingvald Berner Eikeland heldt det for truleg at den Sigurd som segna forel om, er jarlesonen Sigurd Erlingsson, son til Erling Skakke. Sigurd jarlsson tok del i øyskjeggane sitt opprør mot kong Sverre noko før år 1200. I 1194 rømde han frå Stavanger og austover til Telemark.

Vi har prov for at Sigurd jarlsson var i Vinje i Telemark den 18. juni 1194. Då har han nemlig med eigen hand rista inn ei runekjevle på ein gamal kyrkjestolpe frå Vinje. Innskrifta lyder slik:
”Sigurd jarlsson riste desse runene laurdagen etter botolvsmesse, då han rømde hit og ikkje ville gå til forlik med Sverre, banemannen til faren og brørne hans”.

Dersom det er denne Sigurd som ein sommar heldt til i Sigurdsheller i Suleskarheia, så har segnene om han levt på folkemunne i Sirdal i meir enn 800 år.

Ingen kommentarer:

I grenseland

Hvordan har gårdene rundt i landet fått grensene sine? Dagens grenser kan ha en skiftende historie bak seg – ofte preget av strid og uenighe...