12 mars 2005

Øydekyrkjer i Eiken

Kor mange kyrkjer fanst i Eiken (Hægebostad kommune, Vest-Agder) i katolsk mellomalder? Det er fleire grunnar til å stille eit slikt spørsmål. Den mest nærliggande er sjølvsagt at vi faktisk ikkje veit det – sjølv om mange sikkert vil meine at svaret er innlysande: ”Det fanst ei kyrkje i Eiken – soknekyrkja på Eikengarden”. Men det er neppe rett svar. I Eiken – som i mange andre bygder – er det segn om fleire kyrkjer utanom soknekyrkja. Og mange arkeologar og historikarar er etter kvart villige til å tru på ein del av disse segntradisjonane.

Ei sak kan vi vere sikre på: det fanst fleire kyrkjer i mellomalderen enn seinare. Ikkje alle var soknekyrkjer – mange gardar, og ikkje berre storgardar, hadde soleis eigne gardskyrkjer. Og langt fleire kyrkjer hadde eigen prest enn i tida etter Reformasjonen i 1537. Det fanst soleis prestar ved soknekyrkjene i Eiken og Hægebostad. Seinare vart båe desse sokna slegne saman med Kvinesdal til eit mykje stort kall.

Vest-Agder er rikt på tradisjonar om forsvunne kyrkjer og kyrkjegardar. Det store talet på kjende segnkyrkjer nett her er først og framst eit resultat av at det i seinare år har vore gjort eit målretta innsamlingsarbeid av denne typen tradisjonsmateriale i Vest-Agder.

Nokre hovedtypar av slik tradisjon kan skiljest ut:

For det første dreier det seg om stader der det heiter seg at det skal ha stått kyrkje på eit tidspunkt. Sånum i Mandal og Åknes ved Lognavatn i Åseral er døme på denne typen tradisjon. På begge desse gardane er det tradisjon om nedlagde kyrkjer. I nett desse to døma har vi gjort utgravninger, og begge stader fann vi sikre spor etter kyrkje og kyrkjegard. Sånum og Åknes er derfor løfta over frå kategorien segnkyrkjer til kategorien øydekyrkjer – altså kyrkjer som vi veit faktisk har vore til, men som har blitt lagt øyde.

Det ser ut til å vere ein glidande overgang mellom denne typen og det vi kan kalle kyrkjeflyttingssegner, altså tradisjon om at ei kyrkje var tenkt bygd på den og den garden, men på grunn av at høgre maktar grip inn og kyrkjetømmeret vert flytta til ein annan lokalitet i ly av natta, kom ho til å verte bygd på den noverande kyrkjestaden. Ofte vert det fortelt at kyrkje nesten var ferdig bygd på den første tufta, slik at restane av ho var synleg lenge etter. Nett ein slik tradisjon finst om Gyberg i Hægebostad, for berre å nemne eit døme.

Desse tradisjonane er i ofte sers nøyaktige, og dei er oftast knytt til lokalitetar med namn som inneheld leddet Kyrkje-, eller Kapell-. Det er trulig ikkje uvesentleg at så mange av desse lokalitetane berer namnet Kyrkjevollen. Dette namnet ser ut til å vere så tett knytta til tradisjonar av dei typane vi har sett på, at det kan vere grunn til å rekne med at i dei tilfella der vi har å gjere med slike lokalitetsnamn, men ikkje kjenner tradisjon om kirke på staden, så har slik tradisjon anten vore til tidlegare, eller så finst han framleis, men uten at han har funne vegen til dei offentlege samlingane. Staden der Åkneskyrkja vart avdekt for få år sidan, heiter Kyrkjevodden.

Segnene om holekyrkjer er det greit å skilje ut som ein egen tradisjonstype. Det dreier seg om holer og hellarar som skal ha tent som kyrkjer. Ei slik holekyrkje, den såkalla Tollkjørhedlaren i Sirdal, vert nemnt alt omkring år 1600 av Audnedalpresten Peder Claussøn Friis. Han meinte at Tollkjørhedlaren hadde vore ei ordinær soknekyrkje for eit lite bygdelag føre Svartedauden. Seinare tradisjon om holekyrkjer hevdar oftast at dei blei nytta av bøndane til å halde katolske messer etter Reformasjonen.

Ein siste type tradisjon er den der det vert omtala lokalitetar der det skal ha stått reiste kross av stein eller tre. I dei fleste tilfella er lokalitetane anten på eller i nærheten av kjende kyrkjestader. I Hægebostad sokn seier dei at det stod ein kross på Krosshaugen føre kyrkja vart bygd, og at denne krossen var eldste heilagdomen i bygda.

Kva har vi so av slik tradisjon i Eiken? Jau, eg har kjennskap til tre skilde kyrkjetradisjonar – helst finst det fleire óg.

Til Kyråsslætte i heia aust for Eiken er det knytt ei segn. Her skal den første kyrkja i bygda ha stått. Eg har óg hørt at kyrkja eigentleg skulle ha vore reist her oppe – altså ei flyttingssegn.

Om to gardar i Eiken vert det fortalt at det skal ha vore kyrkjer tidlegare. På Åvesland kan folk på garden enda vise staden der kyrkja stod – Kjørkehaugen, heiter det der.

Same tradisjon finst (eller fanst) på Skeie; der óg skal det ha vore kyrkje. Eg veit ikkje kor på garden ho skal ha stått.

Ein kan spørre seg om desse tradisjonane er sanne – altså om det verkelig har vore kyrkjer på dei tre stadene? Noko klart svar kan eg ikkje gje. Men det er mogeleg å seie noko meir generelt om desse tre segnene frå Eiken, noko som er knytt til stadene dei omtalar.

Først Åvesland. Der har vi for det første eit namn som inneheld Kjørke- som førsteledd – nemleg, Kjørkehaugen. Den låge høgda som ber det namnet, ligg nær den gamle tunplassen på garden – staden der klyngetunet lå føre utskiftinga. I mellomalderen vart dei fleste kyrkjene utover bygdene reist i nærleiken av eit gardstun, ofte inne på sjølve tunet. Desse tinga kan tyde på at tradisjonen om Åveslandkyrkja viser til røynlege forhold i mellomalderen. Det ville ikkje vore rart om ein stor og god gard som Åvesland ei tid hadde si eige kyrkje.

Kva då med Skeie – der kan det vel ikkje ha vore nokon kyrkje, så stutt veg som dei hadde til soknekyrkja på Eiken? Så enkelt er det nok ikkje. I stor grad må kyrkjebygging i mellomalderen ha hatt med makt å gjere. Dei som hadde makt og ressursar til å bygge kyrkje, gjorde det óg, ofte. Og det er nå ein gong slik at dei beste gardane i dalføra på Agder gjerne ligg på slettelandet attmed elver og innsjøar, nede i dalen. Slik har det vore i Eiken óg. Det er ein viktig grunn til at kyrkja kom på Eikengarden. Men det har likeleis vore mektige folk på Skeie, og i mellomalderen ville det ikkje ha vore underleg om Skeiefolket óg fekk seg kyrkje. Det same mønsteret finn vi i andre bygder. I Hægebostad er det tradisjon om kyrkje på Gyberg, nabogarden til kyrkjestaden, og stadnamn kan tyde på at det kan ha vore kyrkje på Snartemo óg. Lenger ut i dalen, i Lyngdal, veit vi at det var kyrkje ikke berre på Å, der kyrkja framleis står, men óg på Berge, nabogarden til Å.

Tradisjonen om kyrkja på Kyråsslætte er ei anna skål. Dersom det har vore ein gard her oppe – og det har det vel helst – kan det ikkje ha vore nokon storgard. Dersom tradisjonen viser til røynlege forhold i mellomalderen, må forklaringa søkast andre stader. Vi veit at det i katolsk tid fanst såkalla arbeidsstadkyrkjer. I kyststrok fann ein slike kyrkjer (eller kapell) til dømes i fiskevær. I innlandsdistrikta kan det ha vore slike gudshus - bønehus, kapeller eller kva ein nå har kalla dei – mellom anna i stølsområda. Slike mindre kyrkjehus kunne ein óg finne langs viktige ferdselsvegar. Sjølvsagt kan det ha vore ei kyrkje av denne typen på Kyråsslætte.

Om det heile då ikkje er ”berre ei segn”…

Ingen kommentarer: