'The time has come,' the Walrus said,
'To talk of many things:
Of shoes — and ships — and sealing-wax —
Of cabbages — and kings —
And why the sea is boiling hot —
And whether pigs have wings.'
Lewis Carroll: The Walrus and the Carpenter

11 april 2005

Storhaugane på Tonstad

Tonstad-gardane ligg på ei slette ved nordenden av Sirdalsvatnet. Sjølve vatnet har ei høgd over havet på 52 meter, og sletta ligg nokre få meter høgare enn det. Tonstad er i dag kommunesenteret i Sirdal i Vest-Agder. Men garden har ganske visst vore ein sentral stad mykje tidlegare og. Her låg hovudkyrkja i dalen i mellomalderen. Før det, i jarnalderen, viser dei store gravhaugane som det no berre er to igjen av på Tonstad, at staden var eit viktig sentrum.

Kan hende går likeeins kappleikane på Skeihaugen ved den moderne kyrkjegarden i bygda og tinget på Tingvodlen så langt att i tid. At vi her finn Skeihaugen (av skeid=kappleik) og Tingvodlen i same område som dei store gravhaugane, fortel om eit samfunn der religiøs kult, rettslige høve og politisk makt var knytt tett saman. Vi må tru at det i jarnalderen stod ei mektig ætt, og ein mektig hovding, i spissen for både tinget og leiken innimellom gravhaugane på Tonstad. Og i haugane har nok forfedrane til denne ætta ligge.

I mellomalderen var Tonstad to gardar, Austre eller Ytre og Vestre eller indre Tonstad. Truleg har Tonstad ein gong i tida vore hovudgard i eit godskompleks. I byrjinga av 1600-åra tilhøyrde Austre Tonstad det adelege Rosenkrantz-godset. Vestre Tonstad låg i mellomalderen til domkapitlet i Stavanger.

Fleire haugar
Soknepresten i Bakke skreiv i 1846: ”I Tonstad Sogn paa Garden Tonstads Grund findes flere Haue; der have, saa forekommer det mig, Karaktair af Gravhaue. I blandt disse findes En af betydeligt Omfang; hvis Fod har været besat med Stene. Denne Hau har en Fordybning i sin Midte; der viser at den er indsunket”.

Haugen ”af betydelig Omfang” var antakeleg Tinghaugen (nr. 4). Asalhaugen (nr. 3), som låg omtrent i bytet mellom indre og ytre Tonstad, vart øydelagt av vegbygging i 1940-åra. Han skal ha vore stor og høg, og det vaks ein asal på han som mange rekna for heilag. Det fantst også andre typar gravminne på Tonstad. I området mellom Aldersheimen og Kommunehuset låg ein steinsetting (”tingring”, nr. 6), og like nord for Kommunehuset stod ein bautastein.

I dag veit vi berre om to attværande gravhaugar på Tonstad, forutan ei gravrøys på Eikåsen. Desse haugane ligg rett sør for Aldersheimen (nr. 2). Den eine haugen ligg dels under riksvegen. Den andre, som er 35 meter i diameter og nesten 2 meter høg, er ein av dei aller største haugane som i dag finst i Vest-Agder.

Funna
Ei leirkrukke kom til Bergen museum i 1882. Ho var funnen i ein ”firkantet Langhaug, der var flad ovenpaa”. Krukka var fylt med brende bein og jord då ho vart funne, og ho er frå romertid eller folkevandringstid (0-500 e. Kr.).

Fire år seinare fekk same museum ein bronsekittel som var funne i ein stor gravhaug på Tonstad. Haugen var 3 meter høg og 24 meter i diameter. Truleg var dette Tinghaugen. Kittelen, som er laga i Romerriket i ein gang i perioden 300-500 e. Kr., er av ein type som vert kalla vestlandskittlar. Det er funne fleire slike i Sirdal – mellom anna på Virak, på Oftedal og på Haukhom. Truleg er det hovdingane på Tonstad som har gitt slike kittlar i gåve til vener og allierte blant storbøndene i bygda. Sjølv kan ætta på Tonstad ha fått tak i kittlane og anna importert gods frå mektige hovdingar nærare kysten, anten i Flekkefjord-Lista-området eller i Rogaland.

Fleire funn er gjort, men ikkje alt har kome til noko museum. I Asalhaugen skal ein til dømes ha funne eit par gullringar og ei hårflette.

Eit maktsenter
Rike oldfunn og store gravhaugar viser at Tonstad var noko av eit innlandssentrum i grensestroka mellom Agder og Rogaland i eldre jarnalder (0-500 e. Kr.). Det kan synest underleg at det fantes ressursgrunnlag for noko slikt her. Det er ingen tvil om at Sirdal i ei langt seinare tid var eit av dei aller fattigaste områda i Vest-Agder.

I 1743 skreiv futen Andreas Tostrup om beboarane på gardane lenger nord i Sirdal at dei lever ”9 Maaneder af Aaret i stoor Kuld og Snee, da deres Jorder ofte ligger under Sneen i Yunii Maaned, men i Fieldet, et par Miile fra Gaarderne, tager Sneen ikke af det heele Aar, og naar de store Sneefalds Vintere er, som dette Aar, da saasnart Vinden blæser nordlig, staar Kulden saa stærk fra Sneeheyerne, at Ageren paa et par Dage kan visne og ikke komme sig igien.” For Tostrup og samtida hans var Sirdal ”een af de sletteste Ægner i Amtet”.

Men på gardane nede i dalen, og ikkje minst ved Sirdalsvatnet, var vilkåra for jordbruk gode. Og i heiane fanst rike ressursar i form av rein og anna vilt, forutan den viktige myrmalmen. Dessutan ligg Tonstad slik til at ein frå eit senter i dette området kunne kontrollere mykje av ferdsla så vel langsetter dalen som på tvers av dalføra, altså mellom indre Agder og Rogaland. Desse forholda – jord, rein, jarn og ferdsle – gir truleg mykje av forklåringa på kvifor det kunne vekse fram eit maktsenter ved nordenden av Sirdalsvatnet.

Ingen kommentarer:

I grenseland

Hvordan har gårdene rundt i landet fått grensene sine? Dagens grenser kan ha en skiftende historie bak seg – ofte preget av strid og uenighe...