'The time has come,' the Walrus said,
'To talk of many things:
Of shoes — and ships — and sealing-wax —
Of cabbages — and kings —
And why the sea is boiling hot —
And whether pigs have wings.'
Lewis Carroll: The Walrus and the Carpenter

02 februar 2020

Hungersnauden i Åseral 1861

Frå Kyrkjebygd, Åseral.
Alt i I 1790-åra hadde det vore matmangel i fjellbygda Åseral, øverst i Mandalen i Agder, og fogden hadde overtydd bøndene i bygda om at dei burde skipe eit kornmagasin. Pengane kom frå kongen si kasse, og magasinbygningen, som romma 400 tønner korn, vart oppført ved kirken av Aanon Aanon Olsen Østgaarden og Aanon Aanonsen Reiersdal. Kornmagasinet hadde komme godt med i dei vanskelege åra under Napoleonskrigane.

Åseral hadde ca. 860 innbyggarar i 1665, og i 1801 var talet ikkje aukt til meir enn 1016, og så var det ein liten tilbakegang under dei vanskelege krigsåra fram mot 1815, da inbyggartalet var 1005. Men så steig det jamnt frametter 1800-talet: I 1825 var det 1201 innbyggarar, i 1845 1399 og ved overflyttinga til Lister og Mandals amt i 1875, 1447. Eit synleg resultat av auka var at gamlekyrkja vart reven og ei ny og større bygd i Kyrkjebygd i 1822.  Folkeauka førte til at all jord vart utnytta; slåttemarker kunne ein finne mest over alt, og innover heia og fjellet låg stølane tett. Eit anna resultat var ei kraftig oppdeling av gardar og bruk.

Det vart også fleire husmenn og eigedomslause (tjenarar, dagarbeidarar), og mange stader i kommunen fortel tradisjon, stadnamn og hustufter om småplasser som hadde fast busetnad på 1800-talet. Noko stort husmannsvesen fikk ein imidlertid ikkje i Åseral. Folketellinga frå 1865 viser at det då var noko slikt som 25 hushald som vart klassifiserte som husmenn i kommunen; dei aller fleste i Kyrkjebygd og på gardene opp etter Austredalen.

Sokneprest Schübeler hadde i 1861 forsikra lesarane av «Morgenbladet» om at åsdølane neppe nokon gang ville emigrere, ettersom dei var så glade i dalen sin. Men mangelen på jord, overskotet på arbeidskraft og teknologiske endringar i jordbruket andre stader gjorde at dei tradisjonelle, sesongvise vandringane til åsdølane ikkje lenger kunne balansere den lokale økonomien, og mange utvandra for godt. Fram til 1. verdskrigen drog over 1000 menneske frå Åseral til Amerika.

Avlingane i bygda hadde slege feil både i 1859 og 1860. Kornet hadde ikkje modna, og folk hadde måttet hauste det medan det var grønt. Dessutan hadde småfe og store både i Kyrkjebygd og ein del andre stader vore ramma av skabb. Resultatet var matmangel og naud i bygda. Bakgrunnen for Schübelers skriverier i «Morgenbladet» var ikkje først og framst å gi ei «eksotisk» skildring av livet i ei fjellbygd, men å skaffe penger for å hjelpe dei naudlidne. Presten førte lister over kven som trengte hjelp, og meinte at 500 av dei 1200 innbyggarane var å rekne som fattige. Og pengane kom, frå heile landet. Over 700 spesiedalar vart samla inn for å avhjelpe krisa i Åseral.

På sjølvaste 17. mai i 1861 fekk han besøk på prestegarden av fem kvinner frå «Fattigdommens Hjem, Gaarden Rødland i Østdalen, 1 ½ Mil nordenfor Kirkebygden»:
«Deres Mænd, de 4 af dem ere Gaardmænd, vare for 4 a 5 Uger siden dragne ud for at søge Arbeide, men man havde endnu ikke hørt noget fra dem, og der sad nu Konerne og Børneflokkene med tomme Hænder.»
Schübeler kunne ikke hjelpe dei med mat, for han hadde allereie kjøpt og delt ut alt av mat som kunne oppdrivast lokalt, «der var intet mere at erholde»:
«Jeg beklage af Hjertet, at Alt her syntes at staa fast, og hjælpes maatte de, thi de havde blot nogle faa Lever Fladbrød til Børnene hjemme. Med et Smil, jeg ikke let glemmer, udbrød den ene av Konerne: ‘Aa Far! Kan I skaffe Penge, kan vi gaa til Hordnæs efter Mad.’… I skulde have seet den Scene, som nu paafulgte. I skulde have seet disse 5 Mødre gaa bort saa usigelig lykkelige ved at skulle bære hjem et Kvarter Rug. I skulde have hørt deres Tak og deres Glæde! Men betænk det I, som selv ere Mødre, disse Mødre glædede sig ved at skulle bære et Kvarter Rug 4 Mil over høie, bratte Fjeldsidenn og paa ubanede Veie. Tænk Eder en saadan Anstrængelse!»
21. mai kunne Schübeler fortelje at han same dag hadde sendt 200 dalar til kjøpmann Kirsebom i Kristiansand til innkjøp av korn, og at han hadde «sendt Bud om i Bygden for at faa en hel Karavane afsted etter dette Korn.»

Hamskiftet

Forfattaren Inge Krokann kalla dei gjennomgripande endringane som gjekk føre seg i bygdesamfunna i Noreg frå omkring 1850 og framover, for «det store hamskiftet». I løpet av eit par generasjonar vart driftsformene i jordbruket lagt om, dei gamle fellestuna vart oppløyst og den tradisjonelle sjølvbergingsøkonomien erstatta av kjøpevarer og pengehushaldning.

Ei forutsetning for moderniseringa var utskiftinga av det «skadelige fellesskapet» som embetsmennene i lang tid hadde ergra seg over, altså teigblandinga. Gjennom jordskifte vart kvar enkelt brukar sine teigar samla til større, samanhengande areal som kunne driftast meir effektivt. Ofte resulterte utskiftingane også i at dei tettbygde fellestuna vart oppløyst, og den enkelte bonde fekk samla sine bygningar på eigen grunn, ofte i god avstand frå naboane.

Då agronomen Lindeqvist var i Åseral i 1857, kunne han rapportere at det «i Almindelighed er lidet at bestille» der for en agronom. Grunnen var at det fantest få einbølte gardar, og «paa næsten alle større Gaarde ligger Jorden i det fordærvelige Fællesskab».

Teigblandinga var størst i «den store og vakre Kirkebygd», samt på Smedland, Rosseland, Eikild, Reiersdal, Breland, Røyseland, Ljosland, Fiskland, Madland, Øyuvstad og Kylland, kunne han opplyse. Men tida var snart komen for jordskifte også i Åseral, meinte han:
«Man begyndte nu mere almindlig at længes efter Udskiftning, men frygtede for de dermed forbundne Omkostninger, ligesom man troede, at det vilde blive vanskeligt at udskifte saaledes, at Ingens Ret blev gaaet for nær.»
Naud og krise kan vel også ha bidratt til at fleire ønskte endringar, og nett frå 1860 kom dei store utskiftingane på dei fleste av dei gardane som Lindekvist hadde peikt på. Åsland, Breland, Espeli og Kylland alt i 1860 og Forgard, Smeland, Tjaldal og Ljosland året etter, og så fulgte Handeland, Madland, Torsland, Nesland, Mjåland og Øyuvstad i tur og orden fram til 1866. Ingen av nabobygdene, og knapt noko anne område på Agder, kunne vise fram noko tilsvarande.

Nå hadde det vore innovative bønder i Åseral tidlegare óg. Fleire åsdølar vart premierte av dei landbruksselskapa som fantes på slutten av 1700-talet. Serleg ivrig var Ånen Andersen Kylland. Han vart lønna med 5 riksdalar frå «Det Christiansandske Oeconomiske Selskab» i 1786 for «i Aarene 1783 og 1785 af øde og udørkket Jord at have oprøddet til Agger et Stykke hvorpaa saaes trefiærendeel Tønde Korn og haves endeel Eng, samt opsat 597 alen Steen-Gierder». Tre år seinare fekk han 8 dalar i premie av Det Kgl. Landhusholdningsselskab i København for å ha anlagt ein steinhage. Andre «premie-bønder på denne tida var Ånen Ånensen Reiersdal og Knud Pedersen Breland.

I Kyrkjebygd hadde fleire av namnegardane hatt sine jordstykke i teigblanding. Schübeler skreiv i 1861 om Prestegarden, som hadde vore del av utskiftinga der året før. Prestegarden var på 54 mål jord, «takket være Regjeringens Liberalitet», og bøndene meinte derfor at det var den «største prestegarden i landet». Schübeler kunne kontre med at at jorda til presten før utskiftinga låg fordelt på mellom 60 og 70 større og mindre teigar over heile Kyrkjebygd. Følgen var at «der aldrig har kunnet være Tale om nogen efter en bestemt Plan ordnet Dyrkning. Alt maatte gaa efter den gamle Maade…»

Det store omskiftet for jordbruk og gardssamfunn i Åseral kom frå kring 1860 og fram til 2. verdskrig. Då hadde jordskifte gjort slutt på småteigane dei fleste stader, og kvart bruk fekk samla jorda, slik at kvar gardbrukar kunne flytte ut frå den gamle fellestuna og byggje moderne driftsbygningar på eigne bruk. Samstundes kom grøfting og nye gjødslingsmetodar, og mekaniske reiskapar letta eter kvart gardsdrifta. Hushaldet vart lagt om frå sjølvberging til sal av jordbruksvarer. Med tida kom lokale småmeieri og tok ein del av oste- og smørproduksjonen – mange leverte til Bjelland fløytemeieri, som vart etablert i 1936.

Då dei store fellestuna vart oppløyst, kom det òg inn nye stilimpulsar, som sveitsarstilen, og nye måtar å tenkja hus på. Dei nye husa på gardane var lyse, luftige og store, og dei hadde ofte kjellar til lagring. Fleire av desse store husa finst framleis i Kyrkjebygd, mellom anna i rekkjetunet på Berg.
Gjennom desse endringane vart næringslivet i Åseral modernisert, og ein fann ein ny balanse mellom naturgrunnlag, driftsmåtar og menneske. Men det høge folketalet ein hadde hatt gjennom 1800-talet, var ikkje berekraftig, og i 1930 var det om lag like mange busette i kommunen som det hadde vore i 1801.

Ingen kommentarer:

Fordrivelse satt på spissen

I Carl Barks-historien Cibolas syv byer (1954, norsk utgave 1961) møter vi Onkel Skrue, Donald og nevøene ute i ørkenen på jakt etter indian...