28 oktober 2004

I. B. Eikeland og jakta på den sørvestnorske folkesjela

Det er i år 100 år sidan Ingvald Berner Eikeland vart fødd. I den boka som her ligg føre, får vi eit innblikk i det samlararbeidet han vigde store delar av livet sitt til. Den muntlege tradisjonen han fekk skriven ned i 1950-åra frå Sirdal og bygdene kring, utgjer noko av ei skattkiste for alle som har interesse av kulturhistorie. Største luten av dette materialet har aldri vore tilgjengeleg tidlegare.

I. B. Eikeland vart fødd i 1903 på garden Eikeland i Bjerkreim. Som historikar og granskar var han i stort mon sjølvlært. Han tok eksamen ved Dalheim fylkesskule i 1921, underoffiserseksamen i 1925 og artium ved Hornnes landsgymnas i 1928. Ei tid jobba han som journalist i avisa Agder. Han ville ha vorte jurist, men fann at ingen ville gje lån til ein med småbrukarbakgrunn. I staden vart han politimann, og frå 1930 var han tilsett i Kristiansandspolitiet.

Han var redaktør for Norsk Politiblad i fleire år og skreiv mellom anna Kristiansands politis historie i 1935.

I. B. Eikeland vart uførepensjonert etter ein skade han fekk under krigsteneste som løytnant ved operasjonane i Gloppedalen i Rogaland i 1940. Det var først etter dette at han valde ei ny karriere som historikar og granskar. Til tross for hans store talent for slikt arbeid, fekk han aldri nokon formell akademisk grad. Lenge etter skrev han at han ”føler savnet av systematisk vitenskapelig skolering”.

Det var den sermerkte kulturen i grensetraktene mellom Vest-Agder og Rogaland som Berner Eikeland ville studere. I Dalane, i Sirdalen og i einskilde andre bygder i det indre av Agder heilt vest til Telemark fann han ei heil rekke fellesdrag i mellom anna byggjeskikk og språk – kulturtrekk som ikkje fanst andre stader. Teorien hans var at indre Agder og delar av øvre Telemark var blitt folka frå Rogaland i folkevandringstida (400-600 e.Kr.). Her fann han støtte i teoriane til historikaren P. A. Munch, som alt i 1850-åra hadde meint å ha prov for at heile dette vide området hadde vore del av stammeriket til rygane (rogalendingane) i eldre tid.

Dei mange øydegardane i Dalane, hundrevis av gardsanlegg som hadde vorte fråflytta kring år 600, tok Berner Eikeland til inntekt for idéen om at mange rygar hadde flytt frå heimeområdet sitt og vestover, til indre Agder og Telemark. ”En stor del av de mange hundre forlatte gårdsanlegg i Rogaland, særlig i Dalane, er de indre egders og telemarkingers primære hjemstavn på norsk jord,” skreiv han.

I 1953 søkte han om offentleg støtte til prosjektet ”Rygenes kulturområde i Norge fra folkevandringstiden”. Han trakk opp linene for eit stort granskingsprosjekt som skulle kaste lys over desse likskapane i kultur mellom Rogaland, indre Agder og delar av Telemark. Prosjektsøknaden hans er framleis sers interessant lesing, sjølv om femti år har passert.

Først ville han registrere systematisk alle førhistoriske gardsanlegg i Rogaland, og deretter bygdeborgene. Sidan ville han utvide registreringane til også å gjelde Agder og Telemark. Vidare ville han registrere driftevegane – ”de urgamle ferdselsveier over heiene”. Han ønskte og å studera dei norrøne kjeldene systematisk, og han ville gå gjennom topografisk stoff og matriklar. Dialektforhold og serdrag ved gardsgrensemønsteret i desse områda stod og på planen.

Han summerte sjølv opp kva ein kunne oppnå med eit slikt prosjekt:

”Så vidt jeg kan se, motsies ikke min teori av hittil innvunne vitenskapelige resultater. Tvert imot synes den å gi oss i hende en nøkkel til et rikt skattkammer, hvis innhold på en overraskende måte vil gi en naturlig forklaring på en rekke gåtefulle spørsmål av arkeologisk, etnografisk og historisk art, ja, vil kunne føye de respektive forskningsgreners resultater sammen som bitene i en vakker mosaikk.”

Det var i grunn den sørvestlandske folkesjela han ville finne, Berner Eikeland.

Men pengar fekk han ikkje. I svaret frå Institutt for samanliknande kulturforsking den 24. april 1953 heiter det mellom anna:

”Selve planen får adskillig anerkjennelse, og vi mener at en rekke av de undersøkelser som foreslås, har sin interesse i seg selv. På den annen side mener de sakkyndige at de undersøkelser som De ber om støtte til, er av slike dimensjoner at det ville være ganske uoverkommelig for en enkelt mann å gjennomføre dem, selv om han hadde de ypperste faglige kvalifikasjoner (…).”

Med andre ord: Ekspertane hadde tru på prosjektet hans, men festa ikkje lit til at ein einskild mann kunne makte å gjennomføre det. I bakgrunnen spøkte og dei manglande formelle kvalifikasjonane til Berner Eikeland.

Likevel hadde prosjektsøknaden skaffa han eit visst namn og omdøme. Ein av dei granskarane som hadde lese prosjektskissa, var historikaren Andreas Holmsen. Han var leiar for avdelinga ved instituttet som skulle studere det gamle gards- og grannesamfunnet. Holmsen vart ein viktig støttespelar for Berner Eikeland. Han skreiv til Berner Eikeland at han ”synes (…) å dokumentere (…) usedvanlige forutsetninger for kulturvitenskapelig arbeid (…)”.

I si innstilling til kommisjonen som skulle ta stilling til prosjektet, skreiv Holmsen:

”Berner Eikeland er i hovedsak en selvlært forsker, men mangen universitetsutdannet mann vil kunne misunne ham ikke bare hans glødende interesse for forskningsarbeid, men også hans store og vel fordøyde lesning, hans skarpe og sikre iakttagelser og hans evne til selvsendig kombinasjon, som er parret med og tøylet av en nøktern kritikk og en levende realitetssans.”

Det ”rygske” kulturområdet i Noreg
Resultatet vart at Berner Eikeland vart knytt til instituttet som prosjektarbeidar under Holmsens leiing. Oppgåva hans var å samle inn opplysningar om stort og smått rundt på einskilde gardar i Vest-Agder og Rogaland – i grunn noko av det same som Berner Eikeland sjølv hadde ønskt å arbeide med. I. B. Eikeland var ein av fleire sers talentfulle granskarar på Sørvestlandet som arbeidde for Andreas Holmsen og Institutt for samanliknande kulturforsking i 1950-åra. Albert Myhre og Ottar Rønneseth var to av dei andre, men desse utførte granskingsarbeidet sitt i hovudsak på Rogalandsida av grensa.

Men Berner Eikeland gav aldri opp det store prosjektet sitt om det rygske kulturområdet i Noreg. Det meste av det han seinare publiserte, samt ei heil rekke meir eller mindre ferdige manuskript som han aldri nådde å publisere, var sprunge ut av dette prosjektet – eller av eit anna prosjekt som hadde samanhang med det første, nemleg ”Stav og Streng” (om gardsgrensene i det ”rygske” området). Same året som Berner Eikeland sende inn søknaden om prosjektstøtte kom den store artikkelen til Asgaut Steinnes om ”Utskyld” i Historisk Tidsskrift, der forfattaren peiker på ein heil del andre drag som er sermerkte for nett det området Berner Eikeland hadde festa merksemda til forskarane på. Sjølv om utgangspunktet til Steinnes var eit heilt anna enn hans eige, har truleg ”Utskyld”-artikkelen gjort Berner Eikeland sterkare i trua på at han var inne på ei riktig lei.

På Statsarkivet i Kristiansand ligg ei stor samling dokument etter Berner Eikeland. Nokre av dei er kopiar av rapportar og manuskript som han sende inn til instituttet i Oslo. Andre er kopiar av brev om funn og fornminne til musea i Stavanger og Kristiansand. Men her finst og ei stor mengd stoff som er resultat av hans eigen gransking, knytt anten til ryge-prosjektet eller til ”Stav og Streng”.

Soleis finst her ferdige manuskript om ei mengd gardar i Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder og Telemark. I Sirdal dreier det seg om Virak, Øksendal, Liland, Osen, Bjørnestad, Ousdal, Kvina, Lunde og Totland. Alt dette stoffet vart samla inn i 1950-åra då Berner Eikeland kjøyrde rundt i dalen på motorsykkel og intervjua dei eldste på gardane. Frå Flekkefjord finst manuskript om Nordre Klungland, Fedjesdal, Gyland, Sira, Birkeland og Sinnes. Rogaland er representert med heimegarden Eikeland i Bjerkreim og Barstad i Sokndal. På Lista har han vitja Vere, Heskestad og Sudland. Byklum og Hoslemo i Bykle og Sandnes i Bygland, alle i Setesdal, er og med. Manuskriptet om Vere er åleine på om lag 100 tekstsider, i tillegg til kart osb.

Vidare finst her ein del spørjelister frå Dalane og Vest-Telemark, ei samling av folkeminne frå Sirdal, eit manuskript om gardsgrenser i Gyland (prenta i 1957) og nokre mindre manuskript han aldri fekk sluttført. Nokre av desse vart seinare prenta i bladet Frå bygd og by i Rogaland.

Ingvald Berner Eikeland døydde i 1975. Då hadde han i fleire år arbeidd med bygdesoge for Sirdal. Seinare vart dette arbeidet ført ferdig av Per Seland, og seinare Elisabeth Seland.

Berner Eikeland var i mange år ein viktig mann for Agder Sogelag. Kristian Bentsen, formann i laget, skreiv i 1975 i eit minneskrift over fleire av dei gamle i laget, at ”høststormer har herjet hardt i lagets gamle storskog og tatt med seg en rekke av de eldste store trærne”. ”Grundig”, kalla statsarkivar Laurits Repstad granskingsarbeidet til Berner Eikeland i same nummer av årsskriftet.

For forståinga av kulturhistoria i Sirdal speler arbeidet til Berner Eikeland mykje av den same rolla som granskingane til Laurids Eriksson i Hidra, Tore Bergstøl i Audnedalen, Abraham Vere på Lista, Olav Jarl Gahre i Spangereid eller Sem Austrumdal i heimbygda til I. B. Eikeland, Bjerkreim. Ein rik muntleg tradisjon frå bygdene lengst vest på Agder vart samla i bladet Grannen i første halvpart av førre hundreåret, men mindre frå Sirdal. Med boka som her ligg føre, er dette mistilhøvet brigda.

Segn og soge
Men – som venteleg kan hende er – skil dei segnene og dei tradisjonane som Berner Eikeland fann i Sirdal, seg i mangt og mykje frå det dei nemnde granskarane leita fram i meir kystnære bygder. Som i segna om skilauparen, er vi i ”Fjell-Agder” – i riket til villreinen og rjupa, langt frå bølgeskvulp og havbris. Vi har å gjøre med folk som lenge hadde meir samkvem vestetter til Lyse og Stavanger og austetter til Setesdal og Telemark, enn sørover til Agderkysten. Ikkje så merkeleg då at det er mange sams drag mellom Sirdalskulturen slik Berner Eikeland skildrar han, og tradisjonane til dømes i Setesdal, slik dei er framstilt i Johannes Skars klassiske ”Gamalt or Sætesdal”.

Nokre av segnene i denne boka har vorte prenta tidlegare. Alt Peder Claussøn Friis kunne t. d. for 400 år sidan fortelje om ormen i Lundevatnet og om holekyrkja i Tollkohedlaren. Men dei tradisjonane Berner Eikeland gir att om Salomonshedlaren, er mindre kjende, sjølv om dei kastar nytt ljos over den gamle diskusjonen om den mogelege samanhangen mellom på den eine sida Tollkohedlaren, og på den andre sida tradisjonane om ”bondehelgenen” Tolleiv Sålemann frå Telemark.

Det var Isak Antonius Liland og Carl Asbjørnsen Liland som fortalde Berner Eikeland om Salomonshedlaren. Denne hedlaren ligg ved Sira vestafor Ådneram. Her skal ein gong ein einebuar ha hatt tilhald. Folk rekna han mest for ein heilag mann, ein ”sålemann”, og dei trur at namnet hans var Tolleiv. Det var austmenn (setesdølar) som kom med han. Folk både frå Sirdal og andre bygder farta til han der i hedlaren og fekk lækjemidlar, råd mot sjukdom og åndeleg hjelp. Denne Tolleiv Sålemann innretta ei slags kyrkje i ei stølsbu i Tollkohedlaren. Sidan kom det fire austmenn og henta han med seg heim att.

Dauen – dei middelalderske pestepidemiane som i den muntlege tradisjonen har vorte slegne saman til Dauen, Den store manndauen eller Svartedauen – er eit sentralt motiv i Sirdalstradisjonen. Desse epidemiane har truleg og vore ein på alle vis skelsetjande hending for bygdene her. Islandske kjelder frå den tida fortel at Dauen ramma serleg hardt nett i desse distrikta. Men det er sjeldan det er teken vare på så mykje og så rik tradisjon om Dauen som i Sirdal. Det fortel oss at sogetradisjonen i Sirdal truleg har vore like levande og fargerik som i ein del andre innlandsbygder, så som til dømes Setesdal. Men fram til I. B. Eikeland tok til å samle inn muntleg tradisjon i 1950-åra, låg Sirdal stort sett utanfor dei områda som var gjenstand for interessa til folkeminnegranskarane.

Mykje av stoffet i denne boka handlar om Dauen. Segner og annan muntleg tradisjon fortel om korleis sotta ramma, om kven som døydde og om korleis nokre levde att. Mange av desse tradisjonane er sers forvitnelege, med fascinerande detaljrikdom. Vi får høyre at det på Virak var fire store stover før Dauen, men at dei attlevande sidan samla seg i to av stovene. Dei som døydde av Dauen, vart lagde i sams gravar, ”sottegrefter”. Også i Ryfylke veit folkeminnet å fortelje om sottegreftene.

Kristninga og den første kristne tida er det og mange segner om frå Sirdal. Dei har det til felles med mange av segnene om Dauen at dei framstår som temmeleg truverdige. Tradisjonen om dei to prestane som saman med seks ”kjempar” reiste gjennom dalen og reiste store trekrossar på fleire stader der dei haldt gudsteneste og ”prima” folk, stemmer godt med kva vi veit frå skriftlege kjelder om kristningsprosessen andre stader i Nord-Europa.

Segna om Tonstad-Tore og kyrkjebyggjinga på Tonstad er ei slags ”vandresegn”, men ho inneheld likevel mykje spanande stoff.

Men er det sanning eller soge? Det spørsmålet er ikkje så enkelt å svare på. Men noko kan vi seie om det.

Spørsmålet kan og formulerast slik: Er det mogeleg at tradisjonar frå mellomalderen kan ha halde seg på folkemunne heilt fram til 1900-åra i Sirdal?

Muntleg tradisjon
Det viktigaste vilkåret for at minnet om ei hending skal overleve, er at det finst ei interesse i det heimlege miljøet for hendinga. Skal segna verte tradert rett, må ho ha ein funksjon i lokalmiljøet. Dersom tradisjonen er funksjonell, vert han å rekna som meir påliteleg enn elles. Ein slik funksjon er underhaldningsfunksjonen, ein annan er forklaringsfunksjonen. Det speler og inn at ein tradisjon kan gi lokal og/eller sosial identitetskjensle. Eit kollektivt minne gjer at kvar og ein vert i stand til å ”hugse” ting som han eller ho aldri har opplevd sjølv, men som nett inngår i miljøets felles medvit om si fortid og sin eigenart. Ein siste funksjon er den pedagogiske. Ei muntleg tradert forteljing skal ha ein moral, og denne moralen må gi atterklang i miljøet. Om tradisjonen har utgangspunktet sitt i miljøet, har han dessutan normerande og stabiliserande karakter; han er med på å halde vedlike sentrale verdiar i heimelsområdet sitt.

At ei segn fungerer etter føresetnaden og vert tatt vare på, er avhengig av at samfunnet ho lever i, i eit visst mon er statisk, og at det finst tilgjengelege forteljarar. Dessutan vert minnet om hendinga styrkt om det finst ivaretatte restar av ho. Det kan vere i form av synlege, konkrete minne som ei overgrodd tuft eller usynlege minne som eit stadnamn. I det norrøne sagahandskriftet Morkinskinna får vi høyre at Harald Hardråde er nord i Gudbrandsdalen og får kongsnamn av den unge hovdingen Tore på Steig. ”Harald gav honom då ein bolle av valbjørk omkransa med sylv og med eit handtak gylt av sylv. (…) Han gav honom òg to gullringar, som saman var ei mark, og kappa si. Kappa var av mørkt purpur,” heiter det. Sidan heiter det i sagaen:

”På denne måten vart dette fortalt av ein klok mann som heitte Torgils, og han sa at han hadde vorte fortald soga av Gudrid, dotter til Guttorm, som var son til Steigar-Tore. Han sa at han hadde sett bollen av valbjørk og kappa, som kong Harald gav Tore, og den var skoren sund til eit altarklede”.

Bollen og kappa etter Tore på Steig er reiskap for å hjelpe minnet, og i den eigenskapen er dei typiske for muntlege kulturar. Dei inngår i mentale bilete som kan halde seg lenge i minnet. Som i den norrøne skaldediktinga, er desse bileta sers visuelle og konkrete. Bollen som Steigar-Tore fekk av kongen, var av valbjørk, og han var omkransa med sylv og med handtak av gylt sølv. Kappa var av mørkt purpur.

Vi finn mange tilsvarande døme i folketradisjonen frå Sirdal. Segna om Sigurdshedlaren seier at i mykje gamal tid var det ein fredlaus stormann som heldt seg i den hedlaren ein sommar. Sidan fekk hedlaren namn etter han. Stormannen heitte Sigurd og skulle høyre heime ein stad på Nordlandet. Han var visstnok son av ein jarl. I dei tider var det ufred innanlands, og Sigurd hadde mist mange av skyldfolket sitt. Bonden på Fidjeland sende mat til mannen i hellaren, og han laut love å halde tett med det han visste. Sigurd kom i den tida folket slo på stølane, og han reiste då det hausta. Dei skildest som gode vener. Som venegåve gav Sigurd gardsfolket eit vent og særs godt bjørnespjut. Det var ikkje fullt så langt som ein mann er høg, men med eit tjukt og vent skaft, og ein odde som var sylkvass. Segna seier ikkje meir om Sigurd. Men spjutet fekk namnet Sigurdsgåva og følgde folket på Fidjeland. Det følgde ættene – mann etter mann – og segna følgde med spjutet.

Slike korte prosaforteljingar svarar nærmast til dei norrøne småsogene. Etter ein eldre teori har slike småsoger eksistert som ei muntleg kortprosaform som har danna utgangspunkt for lengre sagaer ved at dei har blitt sette saman eller bygde ut. Tradisjonane om Skraddarætta frå Åseral viser oss at det i alle fall i nokre tilfelle har eksistert førestellingar om ein innbyrdes samanheng mellom slike stutte forteljingar. Den samanhangande ættesoga som Knut Liestøl fekk gjengitt av fleire informantar i Åseral i byrjinga av 1900-talet, ser ut til samstundes å ha funnest som skilde, kortare soger. Johannes Skar gjengir fleire av dei i ”Gamalt or Sætesdal”. Samlaren Skar ser ikkje ut til å ha oppfatta desse småsogene som ei eining, men fleire av informantane til Knut Liestøl har tydelegvis gjort det.

Det kan sjå ut til at dei gardrima som fanst i Sirdal har fungert på noko av det same viset. Gardrima er korte, knappe regler som er lette å minnest. Mange slike gardrim er tekne med i denne boka. Her er nokre døme:

Virak drengje – vie sengje, lengste lånen, vènaste kònen.

Siri Svælann va vonne granne, kom allé te manne.

Siri Svælann døydde Dauen, vonnt va gott før ekkò.

Totlann-stavann danste, Lùnne-luren led.

Tònnsta-Tore bygde, Lùnne-gubben gred.

Desse versa er sers knappa, men med utgangspunkt i dei kunne fleire av informantane til Berner Eikeland fortelje kortare eller lengre soger om all kivinga mellom karfolket på den folketette Virakgarden, om den vonde Siri som hadde budd på Sveland eller om den mislukka kyrkjebyggjinga i den øvre luten av bygda. Gardrima har tent som reiskap for å hjelpe minnet.

Undersøkingar i Noreg av personalhistoriske segner – Skraddar-soga og andre moderne ættesagaer frå 1600-åra og seinare – viser at slike samanhengande forteljingar kan leve på folkemunne i tre hundre til fire hundre år. Stereotype segner kan leve endå lenger. Segner om kyrkjebygging er av denne typen. Særleg segner med religiøs funksjon vert rekna for svært pålitelege. Folkloristen Bjarne Hodne meiner årsaka er at menneska i religiøse spørsmål er meir enn vanleg konservative, og at det gamle heng att lenge etter at ei ny retning har overtatt. Sentrale folkelege skikkar og førestellingar frå katolsk tid har levd vidare i det norske samfunnet til godt inn på 1900-talet, også i Sirdal.

Sirdal kommune og Kvæven bygdemuseum fortener stor takk for at nokre av desse tradisjonane nå endeleg er tilgjengelege i bokform.

***

Utvalde arbeid av I. Berner Eikeland
Stedsnavn på Virak. Årbok for Jæren og Dalane 1956, s.103-121.

Gardsgrensene i Gyland. Kristiansand 1957.

Dronning Astrids flukt. Årsskrift for Agder Historielag 37 (1958), s. 3-36.

Den historiske fylkesgrensa Rogaland – Agder. Ætt og Heim 1959, s. 93-96.

Vettekult i Sirdal. Frå bygd og by i Rogaland 1959, s. 41-62; 1962, s. 37-53; 1963, s. 62-74.

Glimt fra driftetrafikkens gamle saga. Årsskrift for Agder Historielag 43 (1965), s. 3-38.

Historiske segner. Årsskrift for Agder Historielag 54 (1976), s. 11-43.

Gammalt frå Dalane. Frå bygd og by i Rogaland 1976, s. 88-104.

Gamalt om Dalane: Bås og bolk. Frå bygd og by i Rogaland 1977, s. 59-61.

Ku-kampar. Frå bygd og by i Rogaland 1978/79, s. 21-32.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar